|
Valebygda omfattar idag gardane Handeland, Valen, Eikeland,
Teigen og Sundsteigen. Området strekkjer seg frå
Handelandselva i sør til grensa mot Oppsanger i nordvest og
Helland på nordsida av Vikefjell. I dei seinaste åra er også
Porsvik innlemma i krinsen.
På
vestsida er det Høylandssundet som er med og gjev bygda
særpreget. Strandlinja frå Osen ved Handelandssjøen og til
Porsvika og grensa mot Oppsanger vekslar med lune viker og
slake svaberg. Valeøya ligg som eit vern og lagar god havn
på Søre- og Norde-Vågen.
På
søraustsida går grensa mot Tveit ved Ljosåno. Vidare over
Handelandsfjellet, Sitauten og Inste Gavlane som grensar opp
mot Uskedalen. Mjelkhaug og Varhaugen og vidare Svanheia og
Nordefjell til skifta mot Helland.
Fornfunn på
Valen
Det
er ikkje mange spor å finna frå gammal busetnad i Valebygda,
og det som har vore har for det meste måtta vika plassen for
ny jorddyrking.
I
Teigen skal det ha vore 3 små haugar som låg på rad etter
ein annan, men dei har vorte øydelagt av nydyrking.
På
husmannsplasset Skarpeteigen ovanfor kaien på Valen låg det
ei lav overgrodd røys. Denne var avlang og avrunda i den
eine enden og tilspissa og smalare i den andre, ho var 16
skritt lang og opp til 8 skritt brei.
På
Daleteigen på Nordre-Valen skal det under rydjing på åkeren
vore funne eit sverd og eit økseblad. Det vart og funne
glasperler og andre småsaker.
Frå
Handeland har Bergen Museum
eit lite funn
frå yngre jernalder som inneheldt økseblad og sverd. Øksa
var godt bevart og skal ha hatt ei fin form, ho var 19 cm
høg og 13 cm brei i eggen. Heftet på sverdet var 13 cm, med
"kafler" av jern. Klinga var 64 cm lang. Funnet vart gjort i
ei røys på plasset Mula. Om lag 50 skritt derifrå har det
tidlegare vore rydda bort ei liknande røys.
Bondelensmenn
Halsnøy kloster hadde sine eigne lensmenn som hadde ombudet
for klosteret sine gardar og eigneluter, ei ordning som
heldt fram lenge etter reformasjonen.
Lensmennene hadde andre oppgåver enn det lensmannen har i
våre dagar. Han var mest å rekna for ein tillitsmann. Ein
lokalkjend hjelpar for futen i arbeidet med å syta for ro
og orden og krevja inn kongens skattar. Som vederlag for
dette arbeidet sat dei oftast med garden skattefri.
Det
fylgde vyrnad med dette ombodet, og berre dei beste menn i
bygda kunne få denne oppgåva, det vart og krevd at han
skulle vera økonomisk velhalden, slik at han skulle kunna
gjera rett og skjel for seg om det nauda. Mange av
lensmennene var sageigarar, og med sagene fylgde det ofte
velstand i dei dagar.
Av
lensmenn på Valen kan me nemna Laurits Johannesson som var
lensmann i åra frå 1646 til 1664 og Jacob Børgesson frå 1692
til 1694.
Frå
1709 til 1716 er det nemnt ein Nikolai på Valen som sit som
lensmann. Dette må vera Nicolaus Bjerring som vart gift med
enkja etter Jacob Børgeson.
Som
kloster-lensmann er nemnt Jon på Handeland frå 1644 til
1645.
Sokna
Valebygda sokna til Eid-kyrkja på Halsnøy etter gammalt. Det
vart dermed og naturleg at Valen kom til å høyra med under
Fjellberg herad då det kommunale skjølvstyret vart oppretta
i 1837.
I ei
tid då sjøen var det viktigaste bindeleddet mellom folk på
våre kantar, er det lett å sjå at det var ei naturleg
orientering som gjekk mot Halsnøy og øyane på den andre sida
av sundet, men klosteret og kyrkja er vel den viktigaste
grunnen til samanbindinga denne vegen for valebygda.
Klostergods og adelsgard
Handeland, Eikeland, Teigen og Sundsteigen var klostergods
og hadde leiglendingar som betalte skatt til klosteret like
fram til slutten av 1600-talet, då gardane vart selde.
Valegarden
var frå gammalt av jordegods som var i eiga til lavadelen i
landet. Kjende ætter som Galte og Losna-ætta og etterkomarar
av dei sat som eigarar av Valegarden i alle høve frå tidleg
på 1300-talet og like fram til førstninga av dette
hundreåret.
Det
er vanskeleg å seia kva tid Valegarden vart rudd, namnet
gjev heller ikkje faste haldepunkt for ei slik stadfesting.
Namn
og uttale
Namnet Valen vert utala Valo lokalt. I gamle skrifter finn
vi mange variantar av skrivemåten. Vadelø i 1563, Valenn i
1567. Vallenn i 1610 og 1668. Walen i 1723.
Etter O. Rygh kjem namnet truleg av det gammalnorske ordet
vadill som tyder grunn stad i vatn eller grunt sund.
Etter
uttalen "Valo" skulle ein tru at det var bestemt form av eit
hokjønnord, men ordet vadill er aldri hokjønnsord på
bygdemåla, skriv han. Han meiner difor at Dativ fleirtal av
ordet valo har fått einstavingstone ved innvirkning frå dei
einstava hokjønnsorda.
Landskyld
Etter
skatterekneskapen frå 1647 skattar Valen då for 3 1/2 laup
smør.
Galtungane på Valen
Vi
kan fylgja den gamle lendmannætta "Galte" på Valen, Seim og
Hattaberg. Tilnamnet "Galte" har ætta fått etter
våpenskjoldet som syner eit springande villsvin. Dette
våpenet har nok vore slektsvåpenet til den gamle
lendmannætta.
Eirik "Galtung" Gautson
Eirik
Gautson er den fyrste som me kan finna nemnt og som me trur
hadde tilknytning til Valen. Han var truleg son til Gaute
"Unge" Gautson på Hattaberg og bror til Sigurd Gautson som
er nemnd som fehirde i Tønsberg i 1343 og i Bergen i 1347.
Gaute
Eirikson Galte
Det
vert sagt at riksråden og riddaren Gaute Eirikson Galte som
døydde i 1412 skreiv seg til Valen, han eigde denne
storgarden og var truleg fødd der. Det vert hevda at han var
son av Eirik Gautson.
Gaute
som må vera fødd kring 1320 åra eingong, hadde i 1367
Oslo-syssel. Seinare vart han fehirde i Tønsberg og
sysselmann i Skien. Han eigde mykje jord både i Norge og
Sverige,men må og ha hatt andre rikdomskjelder, då han låner
både Krona, Kyrkja og fleire privatpersonar store beløp.
Mykje av dei rikdomane han vart sitjande med var pant for
større lån som han før hadde ytt.
Vi
finn Gaute som medlem av riksrådet og som kong Håkon IV
Magnusson sin utsending i viktige ærend frå 1369 og utetter.
Dette året var han saman med tre andre riksråder i
fredsforhandlingar med Hansabyane. Han var og med i valget
av Margrethe som dronning i 1388. Namnet hans står og under
riksrådets erklæring om Erik av Pommern sin arverett til
Norge. Ved kroninga av kong Erik i 1397 vart han slått til
riddar. Han var og mellom dei som nekta å setja namnet sitt
under unionsutkastet.
Gaute
Eirikson var gift to gonger. Første gongen med Ingegerd
Sigvidsdtr. Ribbung, ei dotterdotter til den heilage
Birgitta i Sverige. Andre gong var han gift med Margrethe
Rømer, truleg dotter til riddaren Otte Svaleson Rømer. Ein
kjenner ikkje til at det skal ha vore barn etter Gaute
Eirikson Galte.
Gaute brukte ikkje namnet Galte eller Galtung sjølv, men i
våpenet sitt bar han ein galte som står oppreist mot det
høgre hjørna i seglet (Mot høgre for han som ber skjoldet).
Då
Gaute døydde i 1412 hadde han ikkje livsarvingar. Dei store
rikdomane hans går då til borna til Gyrid, syster hans.
Gyrid var gift med Gunnar Taraldeson Kane som var av ei av
dei fremste ættene i landet på denne tida. Dei hadde sønene
Niels og Taralde.
Korleis samanhengen vidare er frå den gamle "Galte-ætta" til
Ivar Slede (Dall)som sat med Valen og Fimreite er framleis
ei gåte.
Ivar
på Valen (1450 - 1504)
Ivar
Slede Dahl, eller Dall som han og vert kalla, eigde Valen og
budde der. Han eigde og andre større gardar i Sunnhordland,
mellom anna vert han og nemnt på Sandvik, Seim og Kjerland i
Kvinnherad. Han og brørne hans eigde og jord i Sogn, mellom
anna Njøs og Fimmereite.
Det
har vore gissa på at Ivar skulle vera av Slede-ætta, dette
vert begrunna med at ein av etterkomarane hans kallar han
ein "Sledje". Men det er eit faktum at Ivar på Valen har
vore ei av dei vanskelegaste ættar-gåtene i nyare tid.
Frå
eit epitafium i Brønnøy kirke i Nordland vart det på
1700-talet registrert ei tavle med våpenskjold etter
dotterdotter til Ivar på Valen. Dotter til Ivar, Anna, trur
no historikarane, skal ha vore gift med Trond Benkestokk.
Dotter deira skal ha vore Kristine Trondsdtr.Benkestokk
(1530 - 1572) som vart gift med Axel Gyntsberg til
Snilstveit, Mel og Torget. Han var lensherre i Nordland,
Troms og Finnmark.
Ivar
kan vera den Ivar Arneson "ij Wale" som er nemnt i et
brev
frå 1558. Han var gift med Herborg Torbjørnsdtr. Dei hadde
borna Laurits, Gaute og Anna. Anna var truleg gift med Trond
Benkestok (1495 - 1558).
Adelsmerkjet
til ætta var ei lilje på skjoldet og ei stjerna på hjelmen.
Herborg er i eit brev frå 1504 alt då nemnd som enkje på
Valen.
I
1524 arvar Herborg Torbjørnsdtr. mykje jordegods etter
systerdotter Synniva som var dotter til Endrid Sveinson
Rostung.
Gaute Ivarson Dahl
Etter
1512 finn vi adelsmannen Gaute Ivarson sitjande med
Valegarden. Han er son til Ivar på Valen og er nemnt fleire
gonger frå 1517 og utover. Kona hans kjenner vi ikkje, men
vi veit at han hadde mange etterkomarar.
Gaute hadde stor jordeiga i Sunnhordland, Hardanger og
Sogn.
I
1512 sel Gaute til "sin svoger Hans Krukow og sin frenke
hustru Sunniva Eindridsdtr." gardane Frøysvik og Njøs på
Syrstrand i Sogn.
Frå
Olav Engelbrigtson si jordebok for 1533 kan vi og finna at
Gaute hadde pant i nokre eigedomar av godset til
"Rike-Torstein", det var gardane Vardberg, Litlatun, Røyso
og Bjønnetwn, alle i Eidfjord med ei samla landskyld på 4
laupar smør og 5 huder.
Gaute og kona hadde sju born, Jon, Gudrun, Inger, Ivar,
Torbjørn og Laurits. Dei hadde og ei dotter som truleg het
Lucretia eller Lucrits, ho skal ha vore gift med Niels
Jensson til Simling som var av Losna-ætta og vart lagmann i
Stavanger.
Jon
Gauteson (f. kring 1520, n.1550, 1570-73, d. før 1578) vart
gift med Elin Eiriksdtr. Orm og budde i Sveio, denne garden
hadde han som adeleg setegard. Han hadde 16 gardar på til
saman over 40 laupar smør. Jon og broren Torbjørn var begge
handgangne menn for erkebiskop Olav Engelbrigtson.
Torbjørn (f. ca.1520 d. før 1550) vart busett på Fimreite i
Sogn og var gift med Gyrid Olavsdtr. Vinjum.
Gudrun vart gift med lagmann i Stavanger, Nils Klausson Grøn
(som og var rådmann i Bergen i 1512.)
Ivar
var gift med ei Anna Jacobs-dotter, begge er avlidne før
1578.
Laurits eller Lasse som han og vart kalla var truleg gift
med Ingerd på Fitjar. Laurits skal ha budd på Skage i
Kvinnherad, han skal og ha vore gift med Gyrid Jacobsdotter
frå Sogn.Ho vert seinare nemnt sitjande som enkje på garden
Oppdal, men det kan henda at ho då budde hjå sonen. Gyrid
skal seinare ha vorte oppattgift med Mats Fartegnson på
Ænes.
Inger var gift med Sverke Jonson (Theiste)? som var fut i
Sunnhordland i 1563, dei budde truleg på Fet i Uskedalen.
Gaute Ivarson døydde kring 1550.
Sunnivaarven og godset
etter Fredrik Fartegnson
Fartegn Fillippusson av Losna-ætta var ein umåtelig rik
mann. Han hadde to søner, Fillippus og Fredrik som begge
arva faren. Fredrik var gift med "Udena" og hadde med henne
sonen Tord. Fredrik døydde kring 1410 og kort tid etter
døydde og sonen.
"Udena"
vart sitjande med heile godset etter Fredrik, utan at det
vart halde skifte. Fillippus, bror til Fredrik samtykte i
dette. Etter ei tid vart Udena gift opp att med Holte
Toreson som var rådmann i Bergen og budde på Oma i
Strandebarm. Det vart heller ikkje då halde skifte etter
Fredrik. I dette ekteskapet fekk Undena dottera Gudrid. Ho
vart gift med Svein Torgilson Rustung og arva det uskifta
buet etter mora, noko ho ikkje hadde rett på. Sonen deira
Eindrid Sveinson vart gift med ei søster til Herborg
Torbjørnsdotter som budde på Valen og var kona til Ivar
Slede Dall. Dei fekk dottera Sunniva som vart gift med ein
Hans Krukow.
Herborg fekk i 1524 arv etter systerdottera Sunniva
Eindridsdotter. Slik kom det uskifta buet etter Fredrik
Fartegnson til slutt til Gaute Ivarson Dahl på Valen, som
var den siste som urettvist vart sitjande med det uoppgjorde
buet etter Fredrik. Men så kom domen, nærare 120 år etter at
Fredrik Fartegnson var død og bestemte at alle
etterlatenskap etter Fredrik Fartegnson skulle tilfalla
arvingane etter bror hans, Fillipus. Denne domen vart avsagt
av riksrådet kring 1529.
Arveluten
etter "hustru Sunniva" omfatta ikkje berre godset etter
Fredrik Fartegnson. I tillegg var det store rikdomar med
laust og fast gods som og høyrde til i slekta. Dette
arvegodset vart og ført til retten fleire gonger. Siste
gongen i 1578 då kona til Gaute sin brorson, Margrethe
Christofferdtr. Rustung stevner arvingane etter Gaute for
Herredagen i Bergen. Ho var enkje etter Amund Lauritsson. Ho
meinte at Gaute urettvist hadde teke føre seg av
Sunnivaarven utan å dela med bror sin Laurits og systera
Anna.
Frå
denne herredagsdomen i Bergen vert det og gjeve nokre
vitneutsagn som fortel oss mykje om Gaute og slekta hans.
Det
vert her sagt at Sunniva på sine gamle dagar vart "will og
afsindig" og for at ikkje godset hennar skulle gå til krona,
tok Gaute hand om henne då han og var det neraste verge
hennar. Sunniva døydde i 1524.
Etter vitneutsagna frå 1578 vert det sagt at arven etter
Sunniva vart tilkjendt ein Olav Mikkelson og at han sat med
denne i to år til det kom opp at han hadde fare med falske
brev.
Herborg, mor til Gaute finn vi ikkje nemnd i denne
samanhengen. Det er mulig at Herborg døydde samme året som
Sunniva, men det går fram at Gaute fekk hand om arven
gjennom mora.
Gaute og bror hans Laurits hadde og gåande ei sak mot Jon
Stillufseike angåande Haukås-godset. Det går vidare fram av
vitneutsagna frå 1578 at dei to brødrene var blitt einige om
at Gaute skulle reisa sak om Sunniva-arven og Laurits om
Haukås-godset kvar for seg. Gaute vann si sak, men Laurits
som ikkje møtte fram i retten, tapte saka og fekk heller
ikkje del i den store arven etter Sunniva Eindridsdtr. Det
vart ved et seinare høve inngått forlik der arvingane etter
Laurits fekk kompensasjon for dette.
Det
har vore gissa på at Valegarden har høyrt til
"Sunniva-arven", og at Gaute Ivarson har vorte dømd til å
gje frå seg Valen til arvingane, men det går på ingen måte
fram av nokon av dei rettsakene som vart førde. Det har
vidare og vore sagt at Gaute dei siste åra sine budde på
Valen som leiglending. Dette er heller ikkje på nokon måte
vist i skriftelege kjelder. Men kva som har ført til at
Laurits Johannesson og Olav Bagge vert sitjande med
Valegarden, det veit vi ikkje noko sikkert om.
Laurits Johannesson Galte som var mellom dei som var
arvingar etter Fredrik Fartegnson, kan ha teke over garden
på odel. Han skal ha budd på Valen så tidleg som kring 1550.
Gaute skal ha vore avliden då. Sonen til Laurits Johannesson,
Johannes som er nemnd på Valen i 1563 er berre nemnd som
lauskar og sagbrukar på Valen og står ikkje nemnd som brukar
eller bonde her. Ein kan då tru at Olav Bagge har gjort krav
på garden på odel kring 1558, då vi finn han nemnd for
første gong.
Johannes
Lauritsson vart sidan gift til Torsnes og flyttar dit kring
1585.
Mats-sønene
I
første delen av 1500-åra levde det fem brør som heitte Tord,
Fartegn, Sjurd, Samson og Olav Matssøner. Desse brødrene er
i mange samanhengar eit bindeledd mellom dei som seinare var
busett på Valen og den gamle lendmannætta, men det er mange
uløyste problem knytt til denne samanbindinga.
Om
far deira veit vi berre at han heitte Mats.
Mor
til Mats-sønene var Anna Fartegndotter. Ho var dotter til
Fartegn Fillipusson og Magnilda Jogrimsdotter, som ser ut
til å ha budd på Semeleng i Valdres. Dei er nemnd i brev frå
1415 til 1451.
Mats-sønene
vert alle nemnd for fyrste gong i tida frå 1512 til 1519.
Dei kan vera fødde kring 1475 - 1485.
Tord
Matsson var rådmann i Bergen, Fartegn budde på Seim og Ænes,
Sjurd budde på Randa og Talge i Ryfylke, Samson stod i
teneste hjå Henrik Krummedike og budde i Numedal, Olav
Matsson vert nemnd på Ænes og Tysse på Stord.
Fartegn Matsson
Fartegn er den som er mest interessann for oss. Han budde i
Kvinnherad i 1518 og må vera den "Ffartin på Sem" som er
oppført i ei skatteliste frå 1519. Han er nemnd i brev frå
1530 og 1532, i det siste brevet bur han på Ænes. Ænes var
på denne tida Erkebispegods og Fartegn betaler landskyld til
Olav Engelbriktsson i 1536 for garden. Han er og med i
skattelistene frå 1563, men er avliden i 1564.
Fartegn
var truleg den yngste av Matssønene og han skal vera fødd
kring 1480.
Fartegn var gift fyrste gong med Karen Kold, ho var enkje
etter Trond Rustung og mor til Admiral Cristoffer Rustung.
Så
lenge Karen levde budde dei på Seim. Då ho døydde, truleg i
slutten på 1520-åra, gifte Fartegn seg opp att og flytta til
Ænes og vert nemnd der seinare. Kven den andre kona til
Fartegn var veit vi ikkje.
Ei
dotter til Fartegn og Karen Kold var gift med Laurits
Johannesson på Valen, n.1563.
Dei
eldste sønene til Fartegn var truleg Mats som budde på Ænes
og Samson på Linga i Strandebarm.
Fartegn
hadde og ein son Olav. Han fekk namn etter syskenbarnet til
faren og vart kalla Olav Bagge, han vart bufest på Valen og
har stor etterslekt i Sunnhordland.
Olav
var mest truleg frå det andre ekteskapet til Fartegn.
Johannessønene
Etter
1550 møter me brødrene Torgils og Laurits Johannessøner, på
Valen. Dei fører galten i våpenet sitt og brukar tilnamnet
Galt eller Galte og på folkemunne vart dei kalla Galtungane.
Dei
var sønene til Johannes Galte på Aga eller Jøns som han og
vart kalla i Hardanger. Mor deira var Gyrid Torgilsdotter.
Torgils Johannesson Galte
Torgils Johannesson var gift med ei dotter til Sevat
Sandanger i Fister. Dei hadde ei dotter Åsa og ein son
Johannes
Torgils
flytta til Torsnes kring 1563, grunnen er noko aklår.
Torgils hadde arva ein gardpart i Torsnes, og bygsla ellers
noko jord der. Han skulle vera ein av dei rikaste
jordeigarane i Hardanger, men det var ikkje uvanleg at rike
jordeigarar kunne sitja på bygsla jord. Samstundes med at
Torgils flytte til Torsnes flytte og Samson Lodvinson til
samme garden. Kona til Samson, Herborg Petersdtr. var
tremenning til mor til Torgils. Etter ei stund vart det
strid mellom dei to innflyttarane. Striden enda med at
Torgils slo Samson i hel.
I
forliket i mars 1624, heiter det at drapet var gjort i
vanvare.
Laurits Johannesson Galte
Bror
til Torgils var Laurits Johannesson Galte, han var fødd
kring 1500. Han skal fyrst ha vore gift med ei dotter til
Trond Rustung og Karen Kold og i 1540 var han busett på Seim
i Kvinnherad. Då kona døydde gifta han seg opp att med
dotter til Fartegn Matsson og Karen Kold. Ho sat som enkje
på Valen og han flytta då hit.
Laurits Johannesson hadde borna Johannes, Magdalena,
Birgitte og Karen.
Magdalena vart gift med Godskalk Samsonson og flytta til
Sundal i Mauranger. Då ho vart enkje vart ho gift opp att
med Endre på Sundal.
Birgitte vart gift med Olav Bagge og vart buande på
Valen.
Karen vart gift med Jakob Knutson Jørstad (Årdal i
Ryfylke), han var enkemann og var far til Sidselle som vart
kona til Fartegn Olavson Bagge.
Laurits Johannesson er ikkje nemnd på Valen i
skattelistene for 1563 og må vel då vera avliden noko
før. I staden finn vi på Valen ein Knut som er oppskriven
med høg skatt og kan tenkjast å vera gift med enkja etter
Laurits, han skattar då for 4 1/2 dalar og 9 skilling. Føre
Knut i skattelista finn vi "Oluff i Vadelø" som må vera Olav
Bagge.
Johannes Lauritsson Galte
I
tida 1563 til 1578 finn vi Johannes Lauritsson Galte
(1540
- 1620) på Valen, han er då nemnt som lauskar og sagbrukar
her. Han hadde eit svinehovud i seglet sitt.
Under sjuårskrigen let han seg bruka som brevbud til
svenskekongen for slektningen sin, eventyraren Enno Brandrøk,
som prøvde å få til ein oppreist mot det danske
overherredømet. Johannes vart etter dette sett i tårnet på
Bergenhus og måtte "løysa halsen sin" med 100 riksdalar.
Johannes
opptrer i ein harredagsdom i 1578 på vegne av mor si og
arvingane etter Sigurd Matsson på Talgje. Han vert då nemnd
som Johan Lauritzsen j Walløen. I 1563 vert det nemnt i alt
tre busitjarar på Valen, Johannes Lauritzson, Olav Bagge og
ein Knut. Knut finn vi ikkje nemnd seinare, det har vore
gissa på at han har vore gift med enkja etter Laurits
Johannesson.
Johannes vart kring 1585 gift med Herborg Torbjørnsdtr.
Sandvin, dotter til Torbjørn Olavson på Sandvin og Kristina
Pedersdtr. Torsnes. Han fekk Torsnesgarden med henne. Dei
hadde borna Laurits, Anna, Birgitte og Marite. Johannes og
Herborg busette seg på Torsnes og vert rekna for å vera
opphavet til den yngre Galtung-ætta på Torsnes..
Johannes Lauritsson Galte var etter måten ein rik mann. Då
han døydde i 1620, rådde han over ei jordeiga på over 20
laupar smør.
Karen Lauritsdotter
I ei
skatteliste frå 1623 - 1624 i lensrekneskapen for Bergenhus
len er "Karren i Wallen" oppskreven mellom jordeigande
bønder i Sunnhordland og likeeins Fartegn Olavson. I den
noko yngre odelsjordeboka for Sunnhordland 1626 finn vi
"Karen Lauritsdaatter Wallen" med odel 2 laupar smør 2 pund
smør og 1 hud.
Karen var stykmor til Sidsella, kona til Fartegn Olavson,
då ho vart gift med Jacob Knutson Jørstad på Ombo etter at
han vart enkjemann. Ein veit ikkje om born etter dei.
På
sine gamle dagar flytte Karen heim att til Valen.
Olav Bagge og slekta hans på Valen
Olav Fartegnson Bagge
Olav
Bagge d.y. er nemnt på Valen i 1563 og like fram til 1613.
Av eit brev frå 1579 ser det ut til at han har butt på Valen
så tidleg som i 1558.
Olav
var son til Fartegn Matsson på Ænes av den såkalte
Losna-ætta. Han skal vera oppkalt etter Fartegns syskenbarn,
Olav Nilsson Bagge.
Olav
var i 1591 Sunnhordlands-bøndene sin utsending til hyldinga
av kong Christian IV i Oslo.
Olav
Bagge var gift med Birgitte Lauritsdtr. Galte, dotter til
Laurits Johannesson som vi har høyrt om før. Saman hadde dei
borna Fartegn, Anna og Karine.
Olav
er nemnd siste gong i skattelister for Bergenhus len fram
til 1612 - 1613, då vi finn han saman med sonen Fartegn i ei
korntiendliste. I ei tilsvarande liste frå 1615 - 1616 er
det enkja etter Olav og sonen som vert nemnd.
Fartegn Olavson (Valentin Olson)
Fartegn Olavson bruker garden saman med faren frå 1604. Han
brukte og namnet Valentin Olson.
Fartegn
var gift med Sidselle Jacobsdotter frå Jørstad på Ombo. Ho
var enkje etter Anbjørn Lunde i Ølen og var dotter til Jacob
Knutson og truleg Maritte Ormsdtr. Byre. Far hennar, Jacob
Knutsen, vart sidan gift med Karen Lauritsdtr. som var
dotter til Laurits Johannesson Galtung på Valen.
I
Valen eigde Fartegn i 1624, 3 1/2 laup smør, 2 1/2 huder og
4 1/2 spann korn. Han er ute av skattelistene i 1630 og det
vert halde skifte den 28. mai 1632. Garden vart då skifta
mellom dei tre døtrene hans, Marita, Karen og Birgitte.
Fartegns-døtrene
Då
Fartegn Olavson døydde arva døtrene kvar sin tredjepart
(1
laup smør) i Valen. Enkja Sidselle sat att med resten.
Då ho
døydde i 1665 vart det krangel om skifte etter henne.
Det
var då svigersonen Børge Christopherson som i 1668 stemna
svogeren sin Laurits Johannesson på Valen, men han fekk
ikkje medhald av retten.
Marita
Fartegnsdtr.
Marita vart gift med Laurits Johannesson frå Skorpo i
Kvinnherad (d.1682). Dei busette seg på Valen kring 1646.
Laurits var Lensmann i Skånevik Skipreide frå 1646 til 1664.
Marita og Laurits var barnlause.
Laurits brukar og galten i seglet sitt. Han døydde i 1682.
Karen Fartegnsdtr.
Karen
vart gift med Halstein Arnoldson Vaage på Sunde. Dei budde
på Valen fram til 1640-åra, då bytta dei med Marita og
Laurits Johannesson som då budde på Skorpo. Dei eigde og
Lillestuen i Oppdal på Tysnes. Halstein og Karen makaskifte
i 1651 deira part i Valen med 1 laup smør i Lillestuen til
Marita og Laurits.
Karen
og Halstein hadde borna: Fartegn, Nils, Peder, Anna, Sissel,
Britha og Marita. Sonen Peder Halsteinson var fødd i 1641.
Han var ugift og vanfør, men sat som husmann på Skorpo. Då
syskena arva ein part i Valegarden, kjøpte Peder ut dei
andre. Han gjorde seinare ein handel med Peder Montagne
Lillienskjold på Handeland, der han makaskifta sin part i
Valen. Dette førde til ein arvestrid som gjekk like til
Høgsterett og som folket på Valen vann.
Birgitte Fartegnsdtr.
Birgitte (d.1689) vart gift med Børge Christopherson Aubø på
Sjernarøy i Ryfylke (1600 - 1669). Han var ein velståande
mann og hadde borgarskap i Stavanger. Dei hadde 8 born:
Christopher, Børge, Valentin, Jacob, Mette, Sidsel, Anna og
Karen.
Jacob
Børgeson
I
1692 er det Jacob Børgeson som sit som eigar på Valen. Jacob
var son til Børge Christopherson Aubø og Birgitte
Fartegnsdtr. Han var fødd i 1659 og vaks opp på garden
Aubø på Ombo i Ryfylke. Han kom tidleg i huset til moster si
Marita og Laurits Johannesson på Valen. Då dei var barnlause
var nok Jacob etla til å ta over garden etter dei.
Jacob
hadde ein part i Valen etter mor si Birgitte. Då Laurits
Johannesson døydde i 1682, overdrog Marita og sin part i
garden til Jacob. Han sat då med ei eiga på 2 laupar smør i
Valen.
Borna
til Karen og Halstein på Skorpo arva ein laup smør i Valen
etter Laurits Johannesson. Dette var den parten som Marita
og Laurits hadde bytta til seg i 1651 mot Lillestuen i
Oppdal.
Syskenbarnet
til Jacob, Peder Halsteinson løyste inn dei andre arvingane
og i 1683 pantsette han halvparten til Jacob. Jacob ville
løysa inn den andre halvparten og, men dette gjekk ikkje
Peder med på.
Fleire år seinare, i 1698, etter at Jacob var død, gjorde
Peder handel med Peder Montagne Lillienskjold på Handeland.
Peder makaskifte heile laupen i Valen mot ein jordepart på
eit pund korn i Hemnes i Ryfylke. Dette makeskiftet var i
strid med interressene til arvingane etter Jacob Børgeson og
dei protesterte på dette. Endeleg etter dom i Høgsterett
26/5 1705 vann dei fram og fekk hand om resten av
odelsgarden.
Jacob
Børgeson set som lensmann i Skånevig Skipreide frå 1692 til
1694. Som lensmann var han friteken for skatt på garden.
Jakob Børgeson var gift med Kirsten Alant. Ho var dotter
til Sorenskrivar i Ryfylke Michel Nilsen og Kristine
Thornsdtr. Schive. Dei fekk seks born saman: Lars, Michel,
Jacob, Marita, Brita og Kirstine.
Jacob døydde i 1697, han var då 38 år gammal.
..
.. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. ..
.. .. .. .. .. .. .. .. ..
Ei tragisk tingferd i 1647
I
oktober 1647 var det halde haustting på Valen for Skånevik
skipreide. Då tinget var ferdig den 12. oktober skulle
futen, skrivaren, tre tenarar og 10 rorskarar leggja i veg
til Etne i den store vengebåten som futen hadde.
Dei
la ut frå Valen tidleg på dagen. Det bles då opp til storm
utetter dagen og det vart eit uver av det sjeldsynte.
I
Skåneviksfjorden i nærleiken av Taraldsøy kollsigla dei og
alle saman kom bort. Ved denne triste ulukka gjekk og
pengeskrinet med kongens skattar tapt.
Den
29. januar året etter vart det halde fjordingsting på Valen.
Tilstades var då den nye sorenskrivaren Carsten Dyrhuus og
Peder Hansen som vistnok berre var mellombels fut i
Sunnhordland, umframt lagrettsmenn og "den menige almue".
Enkja
etter futen hadde stemna inn lensmann i Skånevik skipreide,
Laurits Johannesson på Valen, kongelig visitør i
Sunnhordland Claus Wrangel og bonde Odd Hjelmervik for å få
deira sanne vitnemål om korleis ulukka hadde bore til og
dessutan vitnemål om kva dei førde med seg av pengeskrin og
andre ting.
Lensmannen vitna om at tysdag den 12. oktober heldt futen og
skrivaren ting på Valen med allmugen i Skånevik skipreide.
Futen hadde krevd inn skattar for siste året, det han kunne
få, og restantar frå tidlegare år. Han førde med seg to
jernbeslegne eikeskrin. Sorenskrivaren hadde med eit kvitt
jernbeslått eikeskrin. Attåt dette hadde dei ein kuffert,
flaskefor og andre tøkje som tilhøyrde anten dei eller
tenarane.
Ulukkesdagen
gjorde dei seg tidleg reiseferdig. Då dei hadde fått seg
frukost, vart pengeskrina boren ombord i båten. Desse
inneheldt dei pengane futen hadde teke imot på dette tinget
og dei tidlegare tinga på turen, men kor mykje det viste
ikkje lensmannen.
Om
lag klokka 9 tok dei ut og sigla for ein"temmelig vind", men
det la på til storm utetter dagen og det vart eit uvær som
dei ikkje hadde hatt maken til på lange tider. Så lenge dei
kunne fylgja båten, gjekk alt vel. Korkje fut, skrivar eller
tenarar hadde drukke meir enn til maten denne dagen og dei
var alle heilt edruge då dei la ut på reisa.
Husmann Jens Dyrnes frå Fjellberg kunne vitna om at han den
13. oktober om kvelden hadde sett ein stor vengebåt som
rodde ut frå landet og streva seg opp mot vinden. Ved
Segelberg vinda dei opp seglet og sigla for god bør. Men
omlag midtfjords fekk dei ei kvass storm og haglebyge på
seg. Han såg korleis båten vart kasta omlag rundt. Sjøen
gjekk så høgt at det var umogeleg å komma dei arme menneska
til berging eller hjelp.
Båten vart dagen etter funnen på Taraldsøy. Han låg i
stranda med seglet halvt oppdrege på masta. Båtvengen var
knust.
Storskrinet til futen og det kvite skrivarskrinet vart
funne. Det vart sokna etter lika og det andre futeskrinet,
men fåfengt. Lensmannen Laurits Johannesson vitnar om at
enkjene etter dei to embetsmennene har, saman med han, både
med eigne folk og ein stor part av almugen drive sokning med
mange båtar og mangslags reidskaper etter dei salige menns
lik og det bortkommne pengeskrinet; men til denne dag har
dei ikkje funne anten det eine eller det andre.
Grenseoppgang
Den
9. august 1692 var Lagrettsmennene i Skipreida samla på
Valen for å setja grensa mot Handeland og Eikeland. Jacob
Børgesen hadde lagt inn klage på begge leiglendingene på
Handeland, Paul Andersson Nolck og Anders Larsson. Paul
Andersson vart skulda for å ha hogge lauv-ved på Valen.
Samstundes var og leiglendingen på Eikeland, Paul Jonson og
innstemna for at dei ved samme høvet skulle få gått opp
denne grensa og. Forvaltaren ved Halsnøy Kloster, Johan
Frimann var ikkje tilstades, men hadde sendt Mons Niels
Olavson i sin stad. Både Handeland og Eikeland var
klostergods.
Peder Halsteinson Skorpen møtte som eigar av ein halv laup
smør på Valen. Det var vidare stemna fleire vitner. Mellom
anna Knut Hidlestad, Gudmund Kallestad og Abraham Skarvaland.
Anders Larsson på Handeland var kjentmann og viste vegen i
marka. Anders hadde tidlegare tjent på Valen hos Laurits
Johannesson og Marita i atten år. Han la fram vitnesbyrd om
at skifta mellom Valen og Handeland skulle gå frå varden på
Astrifjellet og til Bjødnava og vidare over myra til
Gaupedalen. Han vart spurd av Jacob om det var så at han
hadde vore med og hogge "bjelker" på Tjosåsen medan han var
på Valen. Han bekrefta det, men la til at Paul Anderson på
Handeland hadde klaga på dette og at han ikkje viste om det
var blitt noko forlik etter dette.
Sidan
bar dei fram vitnemåla sine Alf Nedre Valen som hadde tent
på Handeland for 40 år sidan i Jon og Jokkum si tid. Knut
Hidlestad og Gudmund Kallestad som hadde tent på Valen i
Laurits si tid og Abraham Skarveland som for førti år sidan
hadde teneste på Handeland og fleire gonger seinare hadde
hatt arbeid der.
Vi
finn og Jacob Børgeson som eigar av Hauge på Halsnøy.
Sidan
er sonen Lars nemnd her til garden vert seld kring 1733. (Sk.s.
s.85)
Nicolaus Biering
Då
Jacob Børgesen døydde i 1697 vart enka Kirsten gift oppatt
med Nicolaus Biering. I folketellinga frå 1701 er Nicolaus
Bjerring nemnd på Valen som bonde med jordegods.
Det
vert sagt at Nicolaus døydde alt i 1701 berre 26 år gammal,
men dette kan ikkje vera rett då vi og finn han nemnd som
lensmann frå 1709 til 1716. I 1703 fekk Eid-kyrkja i gåve
ein ny messehagel av Nicolaus i Valen og i 1712 vert han
nemnd som eigar av ei ku hos Nils Halstensen på Skarveland.
Lars Jacobson (1689 - 1731)
Lars
Jacobson budde fyrst på Skage på Hatlestrand i Kvinnherad,
men han tok sidan over Valegarden etter Nicolaus Bierring og
Kirsten. Lars vart gift med dobbeltsøskenbarnet sitt Kirsten
Valentindtr. Talge, ho var dotter til den rike Valentin
Børgeson på Talge, bror til Jacob Børgeson. Mor hennar var
Maren Alant syster til Kirsten Alant, kona til Jacob
Børgeson.
Lars
var ein av dei arvingane etter Jacob Børgesson som anla sak
mot Peder Montagne Lillienskjold på Handeland om den eine
laupen smør som tidlegare var blitt makaskifta. Arvingane
vann fram med sine krav etter ein høgsterettsdom i 1705 og "Montanjen"
måtte gje frå seg den eine parten i Valen.
Kirsten og Lars hadde fire born:
a.
Jacob som døydde ung,
b.
Maren Kirstine fekk overta garden,
c.
Kristine
d.Anna Birgitte vart gift med Caspar Wadbeck og er
nemnd som enkje på Valen i 1801.
Hans Seehusen
Etter
at Lars Jacobson var død i 1731 vart enkja Kirsten gift opp
att med Hans Seehusen. Dei fekk og eit barn saman som døydde
tidleg.
Medan Hans Seehusen sat med Valen kjøpte han Handeland gard
etter Hoffjunker, Siegfried Montagne Lilienskjold, då denne
var falitt i 1734, men han selde att alt i 1737 til Mathias
Dahl, tidlegare forvaltar ved Baroniet i Rosendal.
Severin Seehusen (Svanenhjelm) var ein rådmannsson frå
Stavanger som i 1690 hadde teke borgarskap i Bergen. Her
dreiv han store forretningar og var ei tid ein svært rik
mann. Han kjøpte det store Svanø-godset i Sogn og vart i
1720 adla med namnet "Svanenhjelm". I 1709 fekk han
Orningaard på Stord og seinare og Fitjar med underliggjande
gardar i pant for 1000 rdlr.- noko han seinare overdrog til
stiftsamtsmannen i Bergen.
Undahl-slekta kjem til Valen
(Etter
familiemøte i 1893 skreiv dei alle seg for Undall)(Etter
Siri Undall, Oslo)
Eldste dotter til Lars Jakobson, Maren Kristine, vart i 1745
gift
med Jens Fredrik Undahl. Han var son til ein forretningsmann
i Kristiansand, Ulrich Fredrik Undahl og Anna Cathrine
Godtzen. Namnet kjem frå Undal ved Mandal.
Jens
Fredrik Undahl (1719 - 1791)
Jens
Fredrik Undahl var son til ein forretningsmann i
Kristiansand. Han var gjennom oppveksten mykje på besøk hjå
slekta i Kvinnherad. Slik hadde det seg at han kom i kontakt
med Maren Kristine som var arving til garden på Valen.
Maren Kristine og Jens Fredrik overtok halve garden medan
Hans Seehusen og kona hans enno levde. Dei budde då på
Nordre-Valen.
Jens
Fredrik Undahl var krigskommisær og krigsråd.
I
1752 er Jens Undahl nemnd i ei sak der han var innvikla i
eit slagsmål med ein Per Person på Toftekalven. Det vert
sagt at Jens "overfaldt ham med hug og slag", tok ein staur
og jaga han ut på sjøen. Men begge hadde vist vore drukne.
Jens
Fredrik og Maren Kristine hadde fire born, Lars Fredrik
som overtok garden, Anna Cathrine f.1749 døydde ugift i
1821, Jens Ulrik f.1757 d.1909 ugift, Kristine
Marie f.1753 vart gift med Løytnant Jacob Fredrik
Weltzin frå Kambe i Etne.
Jens
Fredrik Undahl døydde i 1791, men det vart ikkje halde
skifte før 10. desember 1899.
Lars Fredrik Undahl (1747 - 1832)
Lars
Fredrik Undahl tok over halve garden i 1778. Han sat då med
1 1/2 laup smør og 1 hud i Valen. Ved skiftet etter foreldra
tok han over resten av garden i 1799.
Lars
Fredrik var gift med Marie Frimann Dahl (1774 - 1850). Dei
hadde 4 born, Jens Fredrik, Aksel Rosenkrantz,
Vilhelm Frimann og Johanne Margrethe.
Johanne Margrethe vart gift med Johan Daniel Galtung
(1790 - 1886), propritær på Torsnes. Johan Daniel sat med
garden på Torsnes til han var 83 år gammal. Han flytta då
til Valen og budde hos sonen Jens Christopher som var gift
med syskinbarnet sitt Anna Christine, eldste dotter til Axel
Rosenkrantz Undahl, den tida dei budde på Valen.
Garden vert
delt
I
skiftet etter Lars Fredrik Undahl vart Valegarden delt i to
bruk mellom dei to eldste sønene hans, Jens Fredrik
og Axel Rosenkrantz Undahl. Dei hadde odel på kvar
sin halvpart av garden, tinglyst 4 mars 1822.
Deling og skyldsettings-forretning vart halde på Valen den
23 oktober 1833 og grensene vart her sette mellom dei to
bruka. Det vart deretter kasta lodd mellom dei to brødrene
om kva bruk dei skulle få. Utfallet av dette vart at Jens
Fredrik skulle overta Nordre-Valen (Nr.2) og Axel
Rosenkrantz hovedbruket, Søre Valen (Nr.1). Jens Fredrik
som ikkje var nøgd med dette utfallet, forlangte overskjøn
på delingsforretninga. Dette er bakgrunnen for at deler av
Søre Vågen seinare vart tilhøyrande Nordre-Valen.
Jens
Fredrik Undahl (1803 - 1846)
Jens
Fredrik Undahl var fødd 26. desember 1803 og vart utdanna
som millitær. Då han døydde den 28. desember 1846 berre 43
år gammal, var han kaptein og divisjonsjef i Bergenske
Brigade. Han var og veginspektør i Søndre Bergenhus Amt.
Jens
Fredrik var gift med Khristine Kathrine Kahrs (1815 - 1891),
ho var dotter til presten Ditmar Kahrs i Fjellberg.
Jens
Fredrik og Khristine Kathrine hadde ikkje born.
Då
Jens Fredrik fekk overta Nordre-Valen etter delinga av
garden, sette han opp nytt våningshus øvst på Kringlebakken.
Han fekk og bygd ny løebygning.
Ordførar i Eid herad
Jens
Fredrik Undahl vart den første ordføraren i Eid herad då
formannskapslova tredde i kraft i 1837. Heradet skulle etter
retten fylgja prestegjeldet, men unntak kunne gjerast dersom
ei sokn høyrde til eit anna skipreide. Etter søknad vart det
godtatt at Eid vart eige herad utanom Fjellberg då Eid
høyrde til Skånevik skipreide. Denne ordninga med Eid herad
varde like fram til 1860. Vervet som ordførar hadde Jens
Undahl fram til 1843, då vart han avløyst av bror sin
Wilhelm Frimann Undahl.
Jens
Fredrik Undahl var svært engasjert i opplysningsarbeid og
det vert sagt om han at han var ein føregongsmann i beste
meining med mange interresser og uvanleg stor dugleik og
arbeidshug. Frå denne tida vert han omtala med stor respekt.
Det er berre lovord å høyra for den interressa og godvilje
han synte, når det gjalt å fremja saker som kunne komma folk
til gode. Han var den fyrste som reiste spørsmålet om ein
landbruksskole i Søndre Bergenhus Amt då han søkte til
kongen om dette. Det var dette som gav støyten til
etableringa av landbruksskulen på Sandvik i Kvinnherad.
Sokneselskapet
Jens
Fredrik Undahl var den som tok initiativet til å stifta eit
sokneselskap i heradet. Sokneselskapet var ei privat
stifting eller lag. Stiftinga hadde til formål å heva folket
opp på eit høgare åndeleg nivå og betra deira økonomiske
kår. Dei tok opp nye tiltak og framsteg innan jordbruk,
fruktavl, fedrift, fiskeri, husflid og økonomi. Vidare
arbeidde dei sterkt for folkeopplysninga.
Føregangaren for sokneselskapet var Selskapet for Norges vel
som vart skipa i 1809. Oppbygginga av denne organisasjonen
på landsbygda førde til skiping av mange slike selskap rundt
omkring i landet i fyrste delen av 1800-talet.
I
Fjellberg prestegjeld vart det den 9 januar 1833 halde det
fyrste møtet i sokneselskapet. Saman med løytnant Andreas
Juel på Halsnøy var det Jens Fredrik Undahl som var
framdrivaren i dette arbeidet. Wilhelm Frimann Undahl var og
med frå starten av og hadde fleire tillitsverv. I 1841 vart
det skipa eige selskap berre for Eid sokn.
Sokneselskapet fekk igang skule for vaksen ungdom på
sundagar. Her skulle ungdom få opplering i lesing, skriving
og rekning, tre timar kvar sundag, når det ikkje var preik i
kyrkja. Då det var stor mangel på lærarkrefter, tok Jens
Fredrik på seg oppgåva og reiste frå Valen til Halsnøy kvar
sundag for å bidra med sine kunnskaper. Skulen fekk etter
kvart så stor etterspurnad at det mest var uråd å skaffa
plass til alle.
I Eid
sokn skipa sokneselskapet i 1841 eit "allmuebibeliotek" for
å skaffa folk nyttig lesestoff, Tilskot vart gjeve frå
kyrkjedepartement, kommune og mange private. Gunder
Gunderson som var frå Mula på Handeland og seinare vart ein
vidgjeten rosemalar, var omgangsskulelerar og busett på
Sæbøvik, han fekk oppgava å styra bibelioteket.
Eid Sokn Sparebank
Eid
sokn Sparebank, den eldste banken i fylket, vart og skipa i
1841 etter initiativ frå sokneselskapet. Den som gjekk
fremst og skal ha størst æra av at dette tiltaket vart sett
i verk, var Jens Fredrik Undahl.
Banken vart skipa den 1. juni 1841 og godkjend ved kgl.
resulusjon av 7. mai 1842. Den er såleis omlag jamnaldrande
med det kommunale sjølvstyret her i landet.Føremålet til
banken var som det stod i første delen av vedtaket "at
oppmuntre alle daglønnede og tjenesteydende i Eid sogn til
flid, sparsommelighed og sedelighed". Dei som hadde noko med
banken å gjera, kunne få dette gjort når det høvde best,
også om søndagen - ja helst om søndagen etter kyrkjetid.
Ved
slutten av første året, 1842, hadde banken berre to
innskytarar og ein låntakar. Den eine innskytaren var "tjenestepige
i Valen Ingeborg Monsdtr.Haugland. Ho hadde då 4 spd. i
banken. Pengane var innsett av Undahl, og det er truleg at
ho tente der på garden, og at det er han som har rådd henne
til å setja pengane i banken.
Etter
kvart vaks verksemda til banken. Det som til no hadde
innskrenka seg til berre å femna om Eid sokn vart utvida og
det melde seg snart inskytarar og låntakarar frå andre
bygder som ikkje hadde bank.Som ettersynsnenn i den fyrste
tida gjorde løytnant Juel teneste i fleire år. Ved sida av
han skiftesvis Wilhelm Frimann Undahl, Axel Undahl og
Gerhard Geelmüde Dahl på
Handeland.
I den
siste tida sokneselskapet var i verksemd vart det lagt ned
mykje arbeid for å betra postgangen. Mellom anna vart det
gjort framlegg om ei siderute frå Valen over Halsnøy og
Stord til Finnås, med nye poståpneri. Det rike vårsildfisket
som gjekk føre seg vest mot havet trekte mange folk frå våre
kantar til Bømmelhavn og Espevær. Folket vart liggjande der
ute ofte på vekevis og venta på silda og etterspurnad etter
postgang denne vegen vart stadig større.
Det
var vidare i gang arbeid med å få utgjeve eit vekeblad som
skulle ha namnet "Søndre Bergenhus Amtstidende" og
som særleg skulle ta for seg det som gjekk føre seg her.
Denne saka var komme så langt at sokneselskapet,ved Jens
Fredrik Undahl den 25. november 1846 sender framlegg til
kontrakt til boktrykkjar Beyer i Bergen, som skulle trykkja
bladet.
Saka
om eigen avis kom ikkje lenger, då Jens Fredrik Undahl som
var den drivande krafta i selskapet døydde etter eit stutt
sjukelegja alt den 28. desember, berre 43 år gammal. Etter
denne dag har ikkje sokneselskapet gjeve livsteikn frå seg.
Axel Rosenkrantz Undahl (1807 - 1886)
Axel
Rosenkrantz var veginspektør. Han vart gift med Jacobine
Fredrikke Weltzin frå Etne (1817 - 1889). Ho var dotter til
kaptein Johan Jørgen Ludvig Weltsin (1790 - 1875) og Anna
Cathrine Børretzen (1787 - 1866) som budde på Kambe i Etne.
Jacobine Fredrikke eller "Madamen" som ho vart kalla på
folkemunne ,,var ei særs myndig dame og ho var kjend for å
driva arbeidsfolket svært hardt.
Axel
Rosenkrantz og Jacobine hadde 8 born saman, Anna
Catharine, Jens Fredrik, Berntine,
Johan Jørgen, Ludvig og Wilhelm Frimann.
Axel
kjøpte i 1832 garden Sandvik i Kvinnherad av Severin Heiberg
Segelcke, men han selde att berre etter nokre få år.
Wilhelm Frimann Undahl (1809 - 1871)
Då
Jens Fredrik Undahl døydde i 1846, overtok broren Wilhelm
Frimann Nordre-Valen etter han. Wilhelm var kaptein, han var
fødd i 1809 og døydde i 1871 ugift. Han var og svært
samfunnsengasjert og overtok som ordførar i Eid etter broren
Jens Fredrik i 1843.Av saker som vart fremja frå hans side
kan nemnast forslaget om å skilja Husnes sokn frå Kvinnherad
og leggja det under Fjellberg prestegjeld, men dette
framlegget vann ikkje fram.
Wilhelm Frimann Undahl hadde fleire bidrag til Asbjørnsens
innsamling av eventyr. "De tre brødre", "Tregårdsgammelen"
og "Ein Kaptein, ein løytnant og en soldat som var ute og
leita etter kongsdøtrene" er eventyr han fekk skrive ned.
Då
Wilhelm Undahl døydde overtok Axel Rosenkrantz Nordre-Valen
etter han, slik at han dei siste åra sat med heile garden.
Jens Fredrik Undahl (1848 - 1915)
Jens
Fredrik var den eldste sonen til Axel Rosenkrantz og
Jacobine Fredrikke. Han vart utdanna ingeniør i Horten.
Etter nokre år i Sverige, der han kom bort i
fyrstikk-produksjon, var han aktivt med og starta fleire
fyrstikkfabrikkar rundt omkring i landet. Han hadde hand om
og eigde fabrikkar i Halden, Asker, Sogndal og i Bergen. Han
fekk igang fyrstikkproduksjon også på Valen, men
produksjonen her vart stoppa av brann etter få år.
Jens
Undahl hadde og planar om å få igong ein hermetikkfabrikk på
Valen. Området mellom elvane nede ved sjøen vart seld til
ein skipsreiar Brådland med dette målet for auga. Men desse
planane vart det aldri noko av. (Brådland selde nokre år
seinare området til Christian Drangsholt)
Jens
Fredrik var gift med Petra Elise Brown, ho var fødd i 1856
og var oppvaksen i Eid sokn. Dei hadde 5 born, Fredrikke,
Johanna, Bergljot (Gulla), Axel Rosenkrantz og Yngvar.
I
1915 då sonen Axel skulle overta garden fekk Jens
Fredrik bygd eit vilkårshus på søraust sida av hovedhuset i
Søre-Valen, der han og Petra Elise skulle bu, men han døydde
før huset var ferdig. Petra Elise flytta då opp aleine. Ho
døydde der i 1945. Døtrene Johanna og Gulla som hadde arbeid
ved telegrafen i Bergen flytta inn i vilkårshuset til mora
og her kom den fyrste rikstelefon-stasjonen på Valen 21
november 1898. Den vart dreven av "Undahls-frøknane" like
fram til 1951 då den vart flytta ned til Solstrand.
Wilhelm Frimann Undahl (1860 - 1928)
Den
yngste sonen til Axel Rosenkrantz Undahl, Wilhelm Frimann
overtok Nordre- Valen. Han var gift med Marie Scheldrup. Dei
hadde ikkje born sjølv, men adopterte ei jente som het Ida.
Ho vart seinare gift med leiar for kraftutbygginga på Valen,
Ingeniør Christian Drangsholt. Ida Drangsholt skreiv fleire
bøker, blant anna med emne frå Valen i gammal tid.
Nordre-Valen vart i 1908 seld då Amtstinget vedtok at det
skulle bygjast eit eige asyl for sinnsjuke på Valen. Amtet
sikra seg og vannkraft til drift av eige kraftverk for "asylet".Sjukehuset
stod ferdig 1. oktober 1910, og hadde totalt kosta omkring
Kr 600.000.
Wilhelm Undahl og kona flytta frå hovedhuset øverst på
"Kringlebakken" og ned til sjøen like ovanfor kaien , der
dei fekk sett seg opp eit hus. Staden kalla dei "Solstrand".
Då
fylket kjøpte Nordre Valen betalte dei Kr 100.000 for dette.
Wilhelm Undahl hadde ikkje halde av nokon parsell til seg
sjølv. Om dette var i vannvara eller ikkje er ikkje godt å
sei i dag, men det virkar noko rart at han straks etterpå
kjøper Solstrand tilbake for ein heller stor sum, nærare
halvparten av det han før hadde selt garden for.
Axel Rosenkrantz Undahl (1891 - 1965)
Då
Jens Fredrik Undahl døydde i 1915 overtok sonen Axel
Rosenkrantz Søre-Valen. Samme året vart Axel gift med Astrid
Hambro (f.1887), ho kom til Valen som guvernante for Axel.
Astrid var frå Bergen og syster til den kjende politikaren
Carl Joakim Hambro. Foreldra var Edvard Isak Hambro og
Nicoline Christine f. Harbitz.
Axel
og Astrid hadde 4 born saman, Jens Fredrik,
Edvard, Petra og Axel.
Axel Undahl vart på mange måtar rekna for å vera ein
bygdaoriginal. Då sjukehuset vart etablert vart det inngått
avtale om at det som garden i Søre-Valen kasta av seg skulle
kunna avsettjast på sjukehuset til dagens pris. Men Axel
hadde lite greie på gardsdrift. Det vert sagt om han at han
starta med 14 kyr og 2 hestar og enda med to kyr og ein
hest.
Fylket var ute etter å samla heile garden under Sjukehuset
og det vart iherdig arbeid for at Søre-Valen skulle bli
ekspropiert.
Sonen til Axel og Astrid, Edvard, fekk
landbruksutdanning og det var meininga at han skulle ta over
bruket, men slik skulle det ikkje gå. Det kom til sak om
odelen på garden. Axel som hevda odel tapte til slutt i
Høgsterett. Saka gjekk etter dette like opp til departement
og storting, men fylket fekk det som dei ville og Axel måtte
selja Søre Valen for takst til fylket i 1930. For fem kroner
målet vart Søre-Valen gard selt til fylket. Axel vart buden
Kr 10.000 som ein slags erstatning, men han tok aldri mot
desse pengane.
Axel
og Astrid reiste etter dette til Ulvik i Hardanger der dei
busette seg. Axel døydde der i 1965.
Det
har av mange blitt hevda at det var stor urett det som vart
gjort då Søre Valen vart ekspropiert og mange meinar at det
var mykje insatsen til direktør og overlege på sjukehuset,
Konrad Lunde, som gjorde at saka fekk denne utgangen for
Axel og Undahls-familien.
 |