VALEN
     
 
 
 
 
 

KVA BETYR VALEN ? Når ein skal tenka seg kva historiske navn betyr, er det avgjerande korleis ein ser for seg lendet ser ut/har sett ut, og tid i historia namnet er komme til.
Namnet er gammalt, høyrer til i gruppa blant dei eldste namn i landet, anten det opphaveleg har vore Valen eller Valo. Støtte for dette finn vi i endinga, som sannsynlegvis er kortform, hankjønn eller hokjønn, av –ven/-vin (norsk stadnamnleksikon: naturleg eng/grønt lende/grøderikt område). Val myntar vel helst på det norrøne Vadill, som i følge samme bok betyr ’grunn vik, stad som fell tørr i sjøen, lågt eid’.
Likevel kan det vera vanskeleg når samme bok viser til at forstavinga val- kan tolkast ulikt, her brukt både om falk, varde, Ivar Aasen viste til at namnet betydde ’en lav eller dyb flade på landet’, langstrekt jordrygg, voll, det namnet i Norge som liknar mest er Valan, som er gitt tydinga ’liggestad for fartøy’.
’Vår’ form av namnet har sin like fleire stader i landet, svært mange av dei er det på Vestlandet, for Hordaland sin del; i Kvinnherad, i Sveio, på Sotra og i Lindås. I Sveio veit eg (gjennom sidene om Fartein Valen) at garden også her har heitt Valo, men skriven som Valen. Dette kan skuldast dansketida, at dei første offentlege papir og stadshenvisningar er skrivne av danskar eller embedsmenn som skreiv på dansk, forvansking av namnet er kjent frå denne tida (Walen, Wallen, Wahlen). Seieforma/daglegtalen hos oss er framleis Valo (i Valo). Mange stader i landet har ending –lo, og peikar på grøderikdomen, slett (åker)lende, som for hovudstaden sin del.
Felles for dei lokale Valen-stadene er at dei ligg ved vatn, er dyrka og odla, i le for ver og vind, har grunne vågar og strand.                                                 KET

 

Valen / Valo var ein storgard, i alle høve i vestlandsmålestokk. Ein kan følgja garden tilbake til adelsslekter og / eller kongar. At garden aldri var innlemma i klostergods eller seinare baroni, seier sitt om storleik, slektskaper og betydning.                                                                                                                       I begynninga av 1800-talet finn vi ein Proprietær (proprius, sjølveigande gardeigar) Undahl (Undall) her, han og etterkommarane skulle setta stort preg på Valegarden til dei måtte forlata han i 1906 og i 1934 (sjå meir under Reidar Handeland: historikk).                                                                     

I 1906 kjøpte amtet (Fylket) Nordre Valen gard og bestemte at her skulle byggast asyl. Av alle alternativa let det til at Valegarden hadde dei beste mulighetene for gardsdrift, vatn, elektrisitetsutbygging (tredje offentlege bygg i landet som vart forsynt med elektrisitet, ennotil sjølvprodusert)                                                                                                                              

I 1934 vart Søre Valen gard ekspropriert (sjå høgre felt). Ein trur dette tunet er den første garden på Valen. Åra etter hundreårsskiftet medførte store endringar for 'Valebuane'. Dei fleste kom frå husmannsplasser, og kunne innløysa bruka som sjølveigande.

Dei kunne også få arbeid ved 'asylet', og enno finn ein mange med 'gamle' valenamn i arbeid her.

 

Valen har vakse mykje siste åra, frå Porsvik, gjennom Grønaberget og Solfeng til nyaste Klubbavikjo, og i Eplehagen er det komme nye heimar

og nye folk, skular og barnehagar er under om -og nybygging.                                         KET                                                               

   
Utdjupingar :
    Om Valen før 1910
    Aftenposten om Søre Valen
     Ida Drangsholt
     Ekely
     Skogbruk
     Fyrstikkfabrikken
     Eikeland
      Teigen
    Handeland
         Montanjen
        Gangstø
Innspel :
   
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

 
 
(c) 2010 Kjell E Thorkildsen