Den Stavangerske Posttour
(Postvegen) :
Folk har 'alltid' sendt kvarandre
meldingar, frå eld på fjell, bodstikke, til brev. Då
statsapparatet ville bli meir effektivt, måtte ei
postteneste etablerast.
Dette skjedde i 1647.
Trasseen me i dag kjenner som postvegen er frå 1785 og
gjekk frå Bergen til Stavanger.
I Kvinnherad var ruta slik: Ølve (båtskyss til/frå)-
Herøysund- Husnes-Eikeland/Valen- Ølfarnes. Denne ruta
vart uendra fram til 1870-åra, då mykje av posttrafikken
vart overteken av dampskip / rutebåtar.
Me er her opptekne av å få fram dei delene av vegen som
framleis er synleg, og gjera denne kjent og tilgjengeleg
for folket i krinsen. Denne strekker seg frå Handeland
bru til Teigen. (sjå kartet og les tekstutdraget under).
Men det er blitt arbeidd godt med postvegen i alle
nærståande bygdelag (utover "vår" krins), og ein kan
snart følgja han i heile den opphavelege trasseen.
Det er starta ei interesse-gruppe
for postvegen på
kvardag.no . Her kan ein melda seg inn og
følga arbeidet, frå Utåker til Herøysundet..
I samband med postjubileet i 1994 ga Kvinnherad sogelag
/ Husnes mållag ut bok om postvegen, ført i pennen av
Otto Vikane. (Kan kjøpast hos bokhandlaren på Husnes).
Han sette seg inn i korleis ruta gjekk føre seg ein dag
i 1860. Me låner litt av hans tekst (med Otto si
godkjenning):
"Over (Handelands)elva er det bygt ei lang og smal
trebru, og hesten stussar litt før han stig utpå. Det
dunkar holt under hovane og ramlar fælt av hjula på
vogna, men over kjem både me og postsekken. Det er ikkje
så morosamt i flaumtider, seier postkaren. Då stig
elvevatnet oppunder brua, og det både fossar og sprutar.
Slike dagar må postføraren ha ein roleg hest, skal ein
få han over. Vinterstid fører Handelandselvo med seg
mykje isflak, og når desse tårnar seg opp rundt brua og
truar med å ta heile stasen med seg til sjøs, er det å
telja på knappane om ein skal våga å setja over. Men ein
har det trugsmålet på seg at posten ikkje skal bruka
meir enn to timar på mila, så ein kan ikkje setja seg
ned og venta på betre ver heller.
Vel over komne er me på Handeland. Her svingar vegen
krapt nedover og følgjer lia frametter til Stykkjet, eit
lite gardsbruk rydja under Handeland. Frå Stykkjet går
postvegen ned Banabrekko, oppkalla etter reiparbanen som
låg ved Stykkjet. På andre sida av Handelandsekjo går
vegen bratt opp Steinabrekko, og her må me stiga av og
gå ved sida av vogna for at ikkje hesten skal slita seg
heilt ut. Når me er komne heilt opp på Gravahaugen, stig
me opp i vogna att, og no ser me utover mot Valo og
Eikjeland. Postvegen fører oss ned til Lio, der me
køyrer rett ovom husa på husmannsplassen. Me er no komne
over skifte til Valo. Frå Lio går vegen opp ei brekka
til Minekleiv. Opp denne kleiva må me og ut av vogna eit
lite stykke, for her er det både bratt og litt stygt
utfor. Denne kleiva fekk namnet sitt etter det første
mineskotet under vegbygging i Kvinnherad. Nord for
Minekleiv er postvegen flat og fin eit par hundre meter,
bort til Knatten. Nett nord for Knatten ber postkaren
oss stiga utor att, for her ber det bratt ned
Bakkabrekko til Bakkjen, eit småbruk i Vågen. Nede i
tunet i Bakkjen set me oss oppi vogna på nytt, og
skysskaren lovar oss at no er det berre to spaserturar
att på resten av vegen ut til Munketeigen.
Frå Bakkjen går vegen flatt bortetter bøkanten til
Sørevalsgarden, bort til Sørevalselvo, og opp langs
denne eit stykke. Nett ved sida av stovehuset på
Sørevalo svingar me, og køyrer over steinbrua som er
mura over elva. No går postvegen på skrå bortetter bøen
på Norevalo, fram til Norevalselvo, me trillar over ei
ny steinbru og litt etter svingar me bort i tunet på
Norevalo. Storbonden Axel Undahl har nok site på
terassen nedafor huset og sett etter postskyssen, for
når hesten svingar inn framfor våningshuset, kjem Undahl
rundt husnova. Postkaren proar på hesten, og er snar til
å ta av seg skyggehua til helsing. Axel Undahl er ikkje
kven som helst fortel han oss etterpå. Utanom at han er
storbonde, er han med i styre og stell, og er attpåtil
postkontraktør. Det vil sei at han har ansvar for
postsendinga, sameleis som postbonden på Eikjeland hadde
tidlegare, men Undahl har fått finare tittel. Dette er
nok sidan han fekk ansvaret etter at postopnaeriet på
Munketeigen opna for 14 år sidan, fortel postkaren.
Etter at Undahl har helsa på oss, spør han etter nyhende
og om korleis postvegen ser ut sørover. Han er nemleg
veginspektør, og har ansvar for å inspisera
vedlikehaldet av postvegen i distriktet. Tilsist spør
han om postkaren frå Ølfernes vil venta litt i
Munketeigen til dess Lars Knudsen har sortert posten han
har med, og så ta med seg Undahl sin post sør til Valo
att. Postkaren er kry for å få dette ansvaret og lovar å
komma innom med posten
Det ber vidare nordover Valo, og no går postvegen flatt
bortetter bøane og framom kyrkjegarden. Her kryssar me
skiftet til Eikjeland. Vegen går gjennom Urane, forbi
Olderholo, over bøen på Eikjeland, og fram til tuns.
Eikjeland var postgard heilt fram til det kom postopneri
på Munketeigen i 1849, fortel postkaren, så her leverte
postdrengen frå Ølfernes postskreppa tidlegare. I dag
har me ikkje tid til stogg, men postkaren tek posthornet
og blæs eit helsingssignal bort til gardsfolket på
Eikjeland, som driv og hesjar på ekra nedfor husa.
Turen går vidare mot nord, og frå tunet på Eikjeland går
vegen bratt opp til Eikjelandshaugen. Me hoppar av
vogna, spaserer ved sida opp til toppen, og stig så oppi
att. Når me ser oss attende, har me eit nydeleg utsyn
over Valebygdo og sørover Høylandssundet.
Komne bort i utmarka køyrer me framom ei kjelde der
hesten stoggar og tek seg nokre slurkar. Denne kjelda
har alltid friskt og godt vatn, fortel postkaren vår. Og
kjelda har mange namn: Haugakjeldo, Olavskjeldo eller
Klosterkjeldo. Det fyrste namnet kjem vel av staden ho
ligg på, det siste er nok minne etter Halsnøy kloster
sine rettar til å ta vatn til dei nærliggande bruka sine
frå denne kjelda. På Eikjeland nyttar dei Haugakjeldo i
turkeperiodar, og der er nøgda med friskt og godt vatn.
Frå Haugakjeldo ber det bratt utfor og ned
Eikjelandsbrekko, så her må me gå etter vogna for å
spara hesten. Vel nedkomne flatar vegen ut, og går jamn
og fin bort til Søra Reset. Så går det slakt unnabakke
bort til Norda Neset, og her går skiftet mellom
Eikjeland og Munketeigen. Når me nermar oss tunet, går
vegen over Smiehaugen og ned Smiebrekko. Begge er namn
etter den tid postvegen vart bygd. og smeden følgde med
anlegget. Me ser restane av smia hans oppunder eit berg
nett ovom vegen. For å varsla at posten kjem, blæs
postkaren i hornet sitt så det gjallar i berga. Me kjem
fram til tunet i Munketeigen og har fint utsyn over
Opsongervatnet og Husnesbygda. Her ligg det fyrste
postkontoret i distriktet vårt: EID I SØNDHORDLAND, som
vart oppretta i 1849........"
