Valestiftinga

                               Addresse: Reidar Handeland, 5451 Valen
                               Telefon: 53 48 45 95 , Mob: 90 98 84 78  / 90 08 60 73
                               e-post: Reidar.Handeland@helse-fonna.no
Heim
 
 Postvegen
 
 
 
 
 
 

 


Postvegen:

Den Stavangerske Posttour (Postvegen)

Folk har 'alltid' sendt kvarandre meldingar, frå eld på fjell, bodstikke, til brev. Då statsapparatet ville bli meir effektivt, måtte ei postteneste etablerast.

Dette skjedde i 1647.

Trasseen me i dag kjenner som postvegen er frå 1785 og gjekk frå Bergen til Stavanger.

I Kvinnherad var ruta slik: Ølve (båtskyss til/frå)- Herøysund- Husnes-Eikeland/Valen- Ølfarnes. Denne ruta vart uendra fram til 1870-åra, då mykje av posttrafikken vart overteken av dampskip / rutebåtar.

Me er her  opptekne av å få fram dei delene av vegen som framleis er synleg, og gjera denne kjent og tilgjengeleg for folket i krinsen. Denne strekker seg frå Handeland bru til Teigen. (sjå kartet og les tekstutdraget under)

 

 

 

I samband med postjubileet i 1994 ga Kvinnherad sogelag / Husnes mållag ut bok om postvegen, ført i pennen av Otto Vikane. Han sette seg inn i korleis ruta gjekk føre seg ein dag i 1860. Me låner litt av hans tekst:


"Over (Handelands)elva er det bygt ei lang og smal trebru, og hesten stussar litt før han stig utpå. Det dunkar holt under hovane og ramlar fælt av hjula på vogna, men over kjem både me og postsekken. Det er ikkje så morosamt i flaumtider, seier postkaren. Då stig elvevatnet oppunder brua, og det både fossar og sprutar. Slike dagar må postføraren ha ein roleg hest, skal ein få han over. Vinterstid fører Handelandselvo med seg mykje isflak, og når desse tårnar seg opp rundt brua og truar med å ta heile stasen med seg til sjøs, er det å telja på knappane om ein skal våga å setja over. Men ein har det trugsmålet på seg at posten ikkje skal bruka meir enn to timar på mila, så ein kan ikkje setja seg ned og venta på betre ver heller.

Vel over komne er me på Handeland. Her svingar vegen krapt nedover og følgjer lia frametter til Stykkjet, eit lite gardsbruk rydja under Handeland. Frå Stykkjet går postvegen ned Banabrekko, oppkalla etter reiparbanen som låg ved Stykkjet. På andre sida av Handelandsekjo går vegen bratt opp Steinabrekko, og her må me stiga av og gå ved sida av vogna for at ikkje hesten skal slita seg heilt ut. Når me er komne heilt opp på Gravahaugen, stig me opp i vogna att, og no ser me utover mot Valo og Eikjeland. Postvegen fører oss ned til Lio, der me køyrer rett ovom husa på husmannsplassen. Me er no komne over skifte til Valo. Frå Lio går vegen opp ei brekka til Minekleiv. Opp denne kleiva må me og ut av vogna eit lite stykke, for her er det både bratt og litt stygt utfor. Denne kleiva fekk namnet sitt etter det første mineskotet under vegbygging i Kvinnherad. Nord for Minekleiv er postvegen flat og fin eit par hundre meter, bort til Knatten. Nett nord for Knatten ber postkaren oss stiga utor att, for her ber det bratt ned Bakkabrekko til Bakkjen, eit småbruk i Vågen. Nede i tunet i Bakkjen set me oss oppi vogna på nytt, og skysskaren lovar oss at no er det berre to spaserturar att på resten av vegen ut til Munketeigen.

Frå Bakkjen går vegen flatt bortetter bøkanten til Sørevalsgarden, bort til Sørevalselvo, og opp langs denne eit stykke. Nett ved sida av stovehuset på Sørevalo svingar me, og køyrer over steinbrua som er mura over elva. No går postvegen på skrå bortetter bøen på Norevalo, fram til Norevalselvo, me trillar over ei ny steinbru og litt etter svingar me bort i tunet på Norevalo. Storbonden Axel Undahl har nok site på terassen nedafor huset og sett etter postskyssen, for når hesten svingar inn framfor våningshuset, kjem Undahl rundt husnova. Postkaren proar på hesten, og er snar til å ta av seg skyggehua til helsing. Axel Undahl er ikkje kven som helst fortel han oss etterpå. Utanom at han er storbonde, er han med i styre og stell, og er attpåtil postkontraktør. Det vil sei at han har ansvar for postsendinga, sameleis som postbonden på Eikjeland hadde tidlegare, men Undahl har fått finare tittel. Dette er nok sidan han fekk ansvaret etter at postopnaeriet på Munketeigen opna for 14 år sidan, fortel postkaren. Etter at Undahl har helsa på oss, spør han etter nyhende og om korleis postvegen ser ut sørover. Han er nemleg veginspektør, og har ansvar for å inspisera vedlikehaldet av postvegen i distriktet. Tilsist spør han om postkaren frå Ølfernes vil venta litt i Munketeigen til dess Lars Knudsen har sortert posten han har med, og så ta med seg Undahl sin post sør til Valo att. Postkaren er kry for å få dette ansvaret og lovar å komma innom med posten

Det ber vidare nordover Valo, og no går postvegen flatt bortetter bøane og framom kyrkjegarden. Her kryssar me skiftet til Eikjeland. Vegen går gjennom Urane, forbi Olderholo, over bøen på Eikjeland, og fram til tuns. Eikjeland var postgard heilt fram til det kom postopneri på Munketeigen i 1849, fortel postkaren, så her leverte postdrengen frå Ølfernes postskreppa tidlegare. I dag har me ikkje tid til stogg, men postkaren tek posthornet og blæs eit helsingssignal bort til gardsfolket på Eikjeland, som driv og hesjar på ekra nedfor husa.

Turen går vidare mot nord, og frå tunet på Eikjeland går vegen bratt opp til Eikjelandshaugen. Me hoppar av vogna, spaserer ved sida opp til toppen, og stig så oppi att. Når me ser oss attende, har me eit nydeleg utsyn over Valebygdo og sørover Høylandssundet.

Komne bort i utmarka køyrer me framom ei kjelde der hesten stoggar og tek seg nokre slurkar. Denne kjelda har alltid friskt og godt vatn, fortel postkaren vår. Og kjelda har mange namn: Haugakjeldo, Olavskjeldo eller Klosterkjeldo. Det fyrste namnet kjem vel av staden ho ligg på, det siste er nok minne etter Halsnøy kloster sine rettar til å ta vatn til dei nærliggande bruka sine frå denne kjelda. På Eikjeland nyttar dei Haugakjeldo i turkeperiodar, og der er nøgda med friskt og godt vatn.

Frå Haugakjeldo ber det bratt utfor og ned Eikjelandsbrekko, så her må me gå etter vogna for å spara hesten. Vel nedkomne flatar vegen ut, og går jamn og fin bort til Søra Reset. Så går det slakt unnabakke bort til Norda Neset, og her går skiftet mellom Eikjeland og Munketeigen. Når me nermar oss tunet, går vegen over Smiehaigen og ned Smiebrekko. Begge er namn etter den tid postvegen vart bygd. og smeden følgde med anlegget. Me ser restane av smia hans oppunder eit berg nett ovom vegen. For å varsla at posten kjem, blæs postkaren i hornet sitt så det gjallar o berga. Me kjem fram til tunet i Munketeigen og har fint utsyn over Opsongervatnet og Husnesbygda. Her ligg det fyrste postkontoret i distriktet vårt: EID I SØNDHORDLAND, som vart oppretta i 1849........"
 

Nokre idyllar frå vegen:

 

 

Til toppen av sida

 

Utvikla av © 2005 Kjell E Thorkildsen