Ord og uttrykk, kva betyr .....
     
 
 
 
  Her vil me samla eindel ord, stadnamn og uttrykk frå krinsen. Me vil oppdatera ofte og håpar på bidrag frå dykk !                                  
  Bruk epostadressa vår !

 

A "Alle nippar i meg, sa jenta, ho hang fast i dørtrykkjaren"

"Alle veit råd med ei gali kjerring, undanteke den som eig henne"

"Allting har ein ende, men pølsa har to"

"Altfor djerv vert ofte dengd"

"Alt skal vera reint, sa kjerringa, ho turka såpa"

"Ask før eik:Steik.Eik før ask;Plask"

"Av skade vert ein klok, men ikkje rik"

agalaus: utan tukt ("oppdragelse")

age: redsel, respekt, tukt, vyrdnad, reddhug

agnhald: mothake på angelen

al: den mørke indre del av fura / to 'godt al i den mannen'

Andlet: Fjes, ansikt

Andsynes: Mot einannan, ansikt til ansikt

Atterhald: Med forbehold, på vilkår av ..

Asjeleg: Stort, mykje, veldig

 

    B    D       G   H   I   J   K   L   M     O   P     S   T         Æ   Ø  Å
 

B

 

"Banna og sverja er fanteverja"

"Betre døy med æra enn leva med skam"

"Betre heilt enn aldri så godt bøtt"

"Betre litt mugge enn alt opptugge"

"Betre pengalaus enn ærelaus"

"Betre tegja enn tarvlaus tala"

"Borg er tvo manns sorg"

"Børen bles om siglaren søv"

Baskje: Vanskeleg, innfløkt, strevsamt  

Basketak:  Gå i gong med (i tak med) noko vanskeleg, innfløkt. No tyding                     for slostkamp

Besa / Bese : Sladre

Bleko/ Bleikjo/Bleikeberget: Brukt om toppar, øyar og stad. Betyr kvit,                    berrt. (Dagens tyding av bleik er eigentleg "kvit av skrekk / feigskap")

Bune:  innholt bein i lekam; røyrbein / (jamfør norrønt boðn, namn på eit kar til å ha skalde-drykken i) trekjerald  / (samanheng med *bangse) arbeide hardt; drive

Byrg: stolt, kry

Bivre: Skjelve, riste, skake

Brigde: Endring, brytning (HSD: rutebrigde, -endring)

Bu seg: Førebu seg, vera (føre)budd, klar til å

Brok: Bukse

Banabrekko: 'Banen' var del av 'Montanjen' si verksemd på Handeland. Her vart tilverka og selt tau i 'lange banar' . I dag del av postvegen.

Bate: Fordel

Bel: Stund

Bisn: Oppsikt

 

    B    D       G   H   I   J   K   L   M     O   P     S   T         Æ   Ø  Å

 

D "Dei er ikkje alle like nautne som dei ser ut"

"Dei kjem sist til kyrkje som har stuttaste vegen"

"Dei små tjuvane vert hengde, dei store får gå"

"Den er armast som aldri er nøgd"

"Den er ven som ber seg vent"

"Den skal båten festa, som sist gjekk utor"

"Den som allstad leitar, får flis i nasa"

"Den som vide vankar, han mykje sankar"

"Der godtfolk er, kjem godtfolk til"

"Det auga ikkje ser, det gjer ikkje hjarta vondt"

"Det er best å spara feå loket, det er seint når ein ser botnen"

"Det er godt det gjeng fort, det er betre det vert vel gjort"

"Det er ilt å lida urett, men verre å gjera urett"

"Det er langt fram, sa kjerringi, ho såg seg attende"

"Det er lettare for ein far å føda sju søner enn sju søner ein far"

"Det er lettleg lært som ikkje duger"

"Det er mangt i naudi nytta, sa kjerringa, ho turka bordet med katten"

"Det er meir bunen enn baksteren"

"Det kan komma store gutar or eit lite hus"

"Det kan no veksa blomar i husmannhagen og"

"Det kjem snakedag etter kakedag"

"Det kostar å vera kar, men det kostar meir å vera fant"

"Det legst stødt ei visa til for den som kveda vil"

"Du skal ikkje segja elt du meiner, men meina alt du segjer"

"Det er ikkje ofte husmenn får rida"

Dabba: saktne, sette ned farten. Det dabba med vinden.

Deild: Avdeling, del

Dølje / Dølgje:  Gøyme, skjule, løyne

Diverre: Dessverre

Døme: eksempel, modell

Dåm: Preg, utsjånad

 

    B    D       G   H   I   J   K   L   M     O   P     S   T         Æ   Ø  Å

 

E Einstapeholo: Einstape er ei bregne

Emne på: førebu seg på, ville

 

F  Føykjen: I godt humør, blid

Fant:  (tater) Omstreifande menneske, gjerne familiar, som livnærte seg på                   sal av ulike hushaldsprodukt, reparasjonar av tak og -renner, anna fore-             fallande arbeide på garden. Sosialt greidde over ein kam og i samfunnet sitt           lågaste lag, og utan fast bustad. På vestlandet forflytta dei seg oftast med                    båt og kunne ligga på samme stad over tid. Dei kalla seg sjølve for reisande.      Fantane og romanifolket(sigøynarar) skal ikkje forvekslast, men blir ofte                  nett det . Romanifolket hadde eit opphav i eit anna land og dyrka likegjerne    skikkane og musikken derifrå, fantane var utstøytte frå vårt eige land.

Feto: Plassen ved grilhhytta i Handelandsdalen. Mykje brukt til utflukt. Opning i lendet.

Fivreld: Sommarfugl

Fjas: Tull, vas, useriøst

Fråsegn: Uttale (td til saksframlegg i det offentlege)

Freiste: Forsøke, prøve

Fyre-/Føremun: Fordel

Festarmål: Truloving (Forlovelse)

Fjelge: Pynte, stelle

Fælske: gru, uhygge, forferding

Fæle: Å vera redd ('fæle du om natto?' (er du redd om natta?))

 

G Gasta: Gild, flott, storslått. "Ein gasta kar"

Gild/Gildt: Storslått, utmerkt, flott

Gyltesteinen / Gylto: Førsteleddet gylte er gammalt for purke (jfr Galte).            Forøvreg er det interessant at det ligg galte/gylte i begge endar av Vale-              garden. (Galtefamilien rådde her lenge, sjå valen før 1910)

Geilo: Bakke frå sjøen og oppforbi gamle gravplassen. Betyr smal og bratt                  veg med gjerde på begge sider (eller smal gate i by) (frå Spørjekassa)

Gla: (sola glar) stå opp

Grann: liten, tynn

Grannsemd: Nøyaktighet, presisjon

Gruskjen: (i målet, i været) uklar, dårleg

Gravahaugen:  Ved Banabrekko på Handeland. Så vidt me kjenner til er her ikkje påvist gravhaug.

Gaman: Glede, moro

Gjevnad: Anlegg, evner, talent ('han har stor gjevnad for musikk)

 

H  Hantikka (-e): Flått

Heio: Del av Valen som har endra seg mykje, det me i dag kallar sentrum. Betyr flate/slette

Heppen: Opprømt, huga på, heldig (motst vanheppen, uheldig)

Høystålet: Der ein oppbevarer høyet, del av løa

Hått: Husk, minne, hukommelse

Handsaming: Behandling

Havesjuka: Grisk-, grådighet

Hjedl (hjadl): Hylle, opphengskrok

Hjå: Hos (Å ver hjå meg)

Heileskaking: hjerneristing (-rystelse)

Hug: vilje (å ha hug til; ville)

Hugs: Hukommelse

Heise/heisen: Mykje, svært (heise mykje regn i det siste)

Høgd: Etasje

Hama (seg): Stella/skikka seg, opptre stelt og skikkeleg

 

I Inkje: Ingenting, ikkje noko

ilt: Vondt, smerte

Illgjerningsmann: Lovbrytar, ein som påfører smerte, skade

 

 

  B    D       G   H   I   J   K   L   M     O   P     S   T         Æ   Ø  Å

 

J  

 

K Kabuso: Fjelltopp som har sitt navn av forma. Lignar ei kabuse / kapuse,      hovudplagg mykje i bruk i mellomalderen. Namnet finst også i Kvam og               uttrykker det samme. Namn på tusenårsstaden der (http://www.kabuso.no/)

Kamulen: Mindre fjelltopp, uviss tyding. Fleire stader i landet finst fjell med                    navn mule/mula, og tyder fjell. Forstavinga kan beskriva forma. (Hestenase)

Kveda: syngja

Kokkelberg : Godt synleg framspring i overgangen skog/snaufjell. Kokle                         betyr berrt fjell, klump

Klakje: is, frost

Kanelen (namn): Lita øy i Høylandssundet, uviss tyding

Kappa/-e: kappspringe, tevle, konkurrere

Kverrsette: beslaglegge, inndra

Korsen (navn): Riksvegen/sjukehusvegen møttest i ein kross ved oppkjørsla                   til sjukehuset og var rett farleg uoversiktleg. På syttitalet vart vegen lagt                     om, slik at berre namnet består. Ufatteleg at alle rattkjelketurane rett over             vegen i  frisk fart og skarpt føre gjekk bra .. Søsterheimen til Valekaien på                       50 sek.

Klakje: is, frost

Korkje: Verken (korkje slik eller så)

Knale: Noko dumt, rart, merkeleg

Knatten: Framspring der bakkabrekko ned begynnar.

Kringlebakken: Kringla tyder noko rundt, flatt. Ei populær tyding av namnet er at her var stopp for skysskarane på postvegen. Her kvilte ein, hadde kort veg opp til proprietæren, vatna hesten (eit lite bekkefar kjem forbi) og åt kringla si før ein heldt fram.

Kveike: Tenne, nøre.

Kveik: Å bli oppeldna av noko, inspirert (han talte så fint at det sette slik ein kveik i dei)

 

L  Legd: Sosialt system, der den fattige/gamle gjekk på omgang mellom gardane. Budde der det var mogeleg (frå drengastove til høystål), levde på restar og på                    andres nåde. (Pila-Kari i Vågen er den siste me kjenner til som gjekk på                    legd i valekrinsen)

Låkabakkane:  Lok skal vera brukt om ein bregne i Sunnhordaland                       (spørjekassa om namn)

Låk: Sjuk, klein

Lått: Latter

Løye: Noko rart, merkeleg eller morosamt

Laup: Ser ein ofte brukt i dei tidlegaste folketeljingane og var eit mål på                     landskuld (den tids skatt) om smør. Ein laup var eit spann som romma  15,4                  kg smør.

Ljos: Lys

Lut: Del (Ytre luten). Kan også tyda aksje (Fjellberg kraftlag er eit lutlag)

(å) løyve: Spare, bevilge

Livd: Trygghet, beskytta (No ligg båten i livd for uveret)

Lauga (seg): Bada, stella seg.

 

M Mask: Mas, bal, strev. (Å maska på).

Munnhell: Ordtak, ordtøkje

Mistyding: Misforståelse

Missheppe: Uhell

Minekleiv:  På postvegen, bakke (kleiv) ved "Knatten". Skal ha fått navn etter første mineskotet her under vegbygging i Kvinnherad (Otta Vikane, postvegboka).

 

N Nyfiken: Nysgjerrig

 

O Otte: Redsel, angst

Or: av (utor) ut av

Oreigne: ekspropriere

Omsut: Hensyn

Omtykt: At ein er likt. (Han var svært omtykt)

Omgrep: Begrep

Omkvede: (1)Refreng, (2)'det er det vanlege omkvedet det' (nedsettande om     framdrift i ei sak/søknad)

Oppseding: Oppdragelse (sed er her 'skikk og bruk')

 

P  Padl: Forhøging, framskoten plass i lendet, liten terasse.                                              (Padl er eit lite platå i valemarka)

Påhitt: Påfunn, ide

Pitla: plukka

(i) putlo: ubesluttsom, forvirra

Putla (på): vera i aktivitet, gjera noko (Koss går da med deg ? Å, eg putla                      no på)

Proprietær:  Eigar av jord, eigedom. (Forvansking med utspring i eng. property)

 

R Røyndom: Det verkelege, faktiske

Røynda:  I røynda ar det (faktisk er det slik at ..)

Rettkomen: Berettiga (krav, klage)

Rettvise: Rettferdighet

Røyst(e): stemme

Røkt: Stell, pleie, påpassing

 

 

  B    D       G   H   I   J   K   L   M     O   P     S   T         Æ   Ø  Å

 

S Sitauten: Fjelltopp, ovafor Valedalen, uviss tyding.                                                                Tauta er gammalt for blåsa/masa (tyta).

snake: (norrønt snaka) snike, snuse (etter noe spiselig) s- etter noe / s- til seg                   noe / rapse, kvarte reven s-t en høne

Skuten: Utløe, skur (veaskuten, vedlageret)

Skarve: Glattskurt (Skarveland, glatt berg). (Dansk: lite, fattig)

Skorve: Skorpe (t d på sår)

Skave:  Skjere av, dele i mindre bitar (avskav: noko som er skore av)

Stemmastølen:  Stemme er demning. Sannsynleg måtte dette lagast i høve                       til stabil drift av sag.

Svanaheio: Fjellslette (hei). Sva tyder stein. Altså steinsletta.

Såte (-a): Høy sett opp til tørk

Skulding: Anklage

Skake: riste

Sut: Bekymring (motsvarande sutalaus(t))

Semje: Å vera einige, samde

Stogge: Stanse, stoppe

Smale: Sau

Spøt/Å spøta: Strikk(etøy)/Å strikka

Spirdalen(navn): Spir er spiss (dalen smalnar på toppen)

Sørgjøno (lokal tale): (eg fer'e sørgjøno) Når dei på t d Eikeland  tok seg ein                 tur inn te' Heio (butikken)

 

T Tase: Tullebukk, vasekopp, dumskolt

Telekammen: Høgde, kam. Uviss tyding. ForTelemark myntar forstavinga                        på folkeslag, her mest sansynleg noko med kulde.

Tuft: Tomt, plass

Tykkje (eg tykte, eg totte) - Tenke, synast, meiner

Tevle/Tevling: Kokurrere/Konkurranse

Togn: stille, stillhet, taushet. 'Dei sit lenge i togna'.

Trong (for): Behov. 'Dette er det ikkje trong for'.

Tagal: Taus, stille

Tinge: Bestille

Tir: Glans (han va så tirande kvite)

Tol / Tolsemd / Tolamot: Gi tol, vis tolsemd, ha tolamot. Tålmodighet.

 

U Uneleg: koseleg, hyggeleg

Utloge: Utgift, kostnad

Ureine: Forurense / Smitta personar

Ufjelg: ustelt, ekkel, motbydeleg

 

V Varhaugen (med -selet): Tyder på at det har stått varde her. Selet kan ha                    vore vakthytte i ufredstider, då dei unge menn måtte dela på pliktene og                  venta på  avløysing. Slik er det også beskrive i Valesongen.

vale(-ar): Smågraset vart breidd om morgonen, og snudd om ettermiddagen.                  Så vart det raka i valar (rekkjer). Sidan vart rivene brukt til å laga fengjer, som    igjen  vart gjort såter av.

vedkjømeleg: [~kjømelig] (norrønt viðrk av vedkome) rørande, kløkkjande ein vedkjømeleg song, tone

veite: grava grøft (ei veit)

veitsle: gjestebod

vørdnad (vyrdnad): respekt, age. "Eg har stor vørdnad for..."

våndel: Liten ball av høy ein ga til dyra

Vadlasletta: (Valleslette) Litt ekstra 'tungt' sludd

Vas: Tøv, tøys, tull (vaseskap)

Vedgå: Innrømme

Vesal: Lite(n), elendig

Vetle: Vesle, litle (vetlajento-veslejenta)

Vitje/vitjing: Besøk

Vørdnad (vyrdnad): respekt, age. "Eg har stor vørdnad for..."

Veile: feil, mangel

 

    B    D       G   H   I   J   K   L   M     O   P     S   T         Æ   Ø  Å

 

Y Ymist: ymse, ulikt, forskjellig

 

Æ Ætt: Slekt, familie

 

Ø Ølkanna : oppkoma like før Gamlestølen. Denne kulpen i bakkehallet like ved              stien var ein fast drikkeplass for folk som kom forbi. Og "Ølkanna" fraus aldri.               Den som går gamlevegen i dag finn skiltet.

Øksle: Formeire

 

Å Å fengja (høy): Samla saman høy til større eining ein kunne femna om

Å viska (høy): Dra høyet i ein ’streng’ fram or høystålet med dertil eigna                  pinne (med krok). Desse vart vridd til våndlar (ballar), som ein ga dyra.

Å baska (med): Bala, streva

Å gjera nokon ei beine: Å gjera nokon ein teneste

Åsatrua: Den norrøne trua (Odin, Tor, Frøya, Valhall ...)

Åtvaring: Advarsel

Åtak: Angrep

Åveleg (oveleg): mykje, stort, veldig

 

 

  B    D       G   H   I   J   K   L   M     O   P     S   T         Æ   Ø  Å

   
  Meir her:

http://www.ordnett.no/ordbok.html   og  http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html    og   http://no2014.uio.no/    eller   http://www.sprakrad.no/templates/Page.aspx?id=7163

   
   
  Kjelde til mangt; Kvinnherskringlo (Samla av Andreas Haugland, Utgjeven av Kvinnherad                   mållag i 1978)

  

   Eg (KET) stilte eit spørsmål til Spørjekassa om namn:

 

   I fjellheimen rundt bygda mi (Valen i Sunnhordland) finst eindel 'rare' navn. Finn de nokon truverdig

   forklaring på: 1) Sitauten, 2) Kokkelberg, 3) Gyltesteinen, 4) Kamulen, 5) Telekamben, 6) Svanaheio,

   7) Einstapeholo, 8) Kabuso, 9) Kjørgjelen, 10)Alunebekkjen, 11)Låkabakkane, 12) Stemmastølen,

   13) Klammerhaug,14)Ein liten topp heiter Blekjo, det samme gjer fleire småøyar, -kva er ei bleik(j)e ?,

   15)Ei lita øy heiter Kanelen (krydder?), 16)Padl. Eg er takksam for svar og (med)funderingar. Dessverre

   går eindel tydingar og tradisjonar tapt. Me har i vår bygd laga ei stifting der me satsar på historisk kunnskap,

   og tar vare på dette gjennom fleire prosjekt, t.d. heimesida: valestiftinga.no. Dette tiltaket dykkar er eit godt

   tilbod til folket, takk for det! Eg les svara andre har fått med stor interesse


   "Du har fleire interessante namn som ikkje er så lette å svara på. Dessutan trengst det gode bakgrunnsopplysningar

   for dei einskilde namna/lokalitetane Det ville ta tid å finna ut av deitte, så her må eg nøya meg med kommentarar

   til nokre av dei. Ved å nytta ordbøker som Nynorskordboka, Torp: Nynorsk etymologisk ordbok, Aasen Norsk

   Ordbog, vil du kunna finna ut somt sjølv om namnetydingar. Særleg nyttig er Ryghs Norske Gaardnavne på Internett: http://www.dokpro.uio.no/rygh_ng/rygh_felt.html . 1) Sitauten: usikkert, kunne siste delen hanga saman med isl.

   tauta 'småsnakka'? 2) Kokkelberg: mogeleg samanheng med kokle 'klump', 3) Gyltesteinen: føreleddet er visseleg            gylte f. 'purke, jf. Galte, 6) Svanaheio: sva 'glatt berg', 7) Einstapeholo: einstape 'bregne', 8) Kabuso (I Kvam er det

   hovudplagg frå middelalderen, blir vel det samme her?): brukt i samanliknande funksjon, 11)Låkabakkane: lok skal

   vera nytta om ein bregne i Sunnhordland, 12)Stemmastølen: stemme (i bekk), 14)Ein liten topp heiter Blekjo,

   det samme gjer fleire småøyar: Blekjo heng vel saman med blik 'kvit flekk' o.l., 16) Padl er ein bø: pall 'forhøging,

l  liten terrasse"

                                                                  Besvara av Ellen Marie Lund, 11.09.08

 

 

   

 
 
 
(c) 2010 Kjell E Thorkildsen