KRAFTSTASJONEN:
|
"Eldsjeler i Valen Vel ønskjer no å kjøpa tilbake
fleire av dei gamlekulturhistoriske minnesmerkene i
valebygda. Både den gamle saga, kraftstasjonen, bua
på kaien og vaskehuset er aktuelle for opprusting og
overtaking.
Etter at staten tok over drifta av Valen sjukehus,
er det fylkeskommunen som no eig fleire av dei gamle
bygningane i området. Det vil lokale krefter gjera
noko med, skriv Grenda.
Initiativtakarane arbeider no med å skipa ei
stifting, der føremålet vil vera å kjøpa tilbake og
rusta opp dei eldste og viktigaste minnesmerka på
Valen. Sven Løkeland, Reidar Handeland, Jarle
Mehammer og Arnfinn Mølster har gårtt i brodden for
tiltaket.
Gammal kultur
- Vi er interesserte i å ta vare på gammal kultur,
seier initiativtakarane til avisa. Målet deira er å
ta vare på gamle bygg og aktivitetar og å leggja til
rette for ny bruk av desse områda.
Eit av dei aktuelle bygga, kraftverket frå 1910, er
mellom dei viktigaste kulturminnene på Valen som ein
har planar om å rusta opp. Komande søndag blir det
kulturvandring i området og i neste veke skal det
haldast bygdemøte med orientering om planane."
|

|
Toppen
av sida
|


 I 1907
begynte Søndre Bergenhus amt å kjøpe opp storgardar i Valen i
Kvinnherad. Det var nemleg bestemt at amtet skulle setje opp eit
psykiatrisk sjukehus her som skulle vere stort og flott, og liggje
vakkert og fritt i naturen. Og så måtte det vere mogleg å byggje eit
vasskraftverk der til sjølvforsyning.Eit kraftverk på staden var ein
føresetnad når 500 psykiatriske pasientar skulle få sitt tilbod.
Det var ei ny tid, og for samfunnets sjuke. Dei skulle bu godt, med
få pasientar på kvart rom, dei skulle få varm mat, dei skulle drive med
gardsarbeid, frisk luft og meiningsfullt arbeid var godt for slitne
hovuder. For at dette skulle vere mogleg måtte dei ha elektrisitet til
varme, til ljos, til matlaging, vaskeri og gardsdrifta. Det var moderne
tider.
Den fyste kraftstasjonen sto ferdig i 1910. Bygget er på om lag 8x6
meter, det er bygd i mur og har eit lite tårn på to høgder. Kva 2. høgda
i tårnet har vore brukt til, veit vi ikkje; det kan ha hatt ein praktisk
funksjon, men det kan og berre ha vore eit estetisk innslag.
Kraftstasjonen har to mindre Peltonturbinar. Det er usikkert kor
mange kW dei produserte, men det var nok til heile sjukehuset si drift
og gardane i nærleiken. Men ikkje gløym at straumforbruket har endra seg
ein del sidan 1910. Dei hadde ikkje all verdas stereoanlegg, hårfønarar,
mobiltelefonar eller elektriske tannkostar på Valen
sjukehus.Hovudinntaket låg i Bjørkedalsdammen 700 meter inn i landet og
160 meter til vers.
Røyrgata blei bygd i klinka stålrøyr, og den var delvis nedgrave. Der
kor den var framme i dagen var den overbygd med tak.I 1939 var
kraftstasjonen gått av dato, og ein ny blei bygd. Bileta viser at den er
i ein heilt ny stil – den funksjonalistiske. Alt i bygget skulle ha ein
funksjon, og det blei lagt liten vekt på det estetiske og vakre. Men i
dag er det vanleg at folk meiner at funkisstilen er estetisk og
verneverdig.
Den nye kraftstasjonen fekk og nytt hovudinntak av vatn i
Bjørkedalsdammen, og ny røyrgate som var bygd dels av jarn og dels av
tre. Årsaka til at den blei bygd delvis i tre er fordi at det er
billigare. Ulempene med tre er at det fører med seg meir vedlikehald, og
tryggleiken er dårlegare. Dette blei ikkje sett på som eit stort problem
fordi fallet frå inntaket var så lavt. Og i denne kraftstasjonen blei
det kjøpt inn Pelton-turbinar, ein i 1939 og ein i 1955. I dag er det
berre den frå –39 som er i bruk. |