sida om krafstasjonen
     
  

Ein grunn til Valen si oppbygging som asyl var at her hadde ein tilgang på alt ein trong. Her var god jordsmonn, rikeleg plass til dyrking og store buskaper, byggjemateriale, gode tilhøve for større båtar å legga til, og for utbygging av dette nye, -det dei kalla elektrisitet.

"I 1905 var det oppe i Fylkestinget at Staten burde byggja sinnsjukehus for Vestlandet. Dette var det heller vanskeleg å få gehør for hos dei sentrale styresmaktene. Fylket tok då til med planar om å byggja eit sjukehus for Hordaland fylke.

Det vart lagt fram heile 23 stader som muleg byggjestad. Ein enda då opp med garden Gåssand på Os, der det mellom anna var gode tilhøve for kraftutbygging, men då saka trekte i langdrag i fylkestinget, vart tilbodet om salg trekt tilbake.

Saka om bygging kom opp att våren 1908. Valet stod då mellom gardane Skjørsand i Fusa og Valen i Fjellberg. Fylkesmannen og nemnda som var utnemnd for saka, gjekk inn for kjøp av Valen. Det fyrste Fylkestinget gjørde då dei samlast , var å reisa til Valen for å sjå på eigedomen.

Prisen på garden var kr. 50.000. Under den første utforminga av planane meinte ein at ein skulle greia seg med vasskrafta i Nordre-Valeelv, og kjøpet av den søre elva heldt på å falla bort. Men under forehavinga i Fylkestinget tok fylkesmannen opp framlegg om å kjøpa den søre elva med det samme, då direktør Falkenberg ved Bergen Elektrisitetsverk hadde sagt at denne elva vart mykje billegare å byggja ut enn den nordre. Og slik vart det. Vedtak om kjøp av elv og gard vart gjort med 36 mot 8 røyster.

Hausten 1909 var saka oppe att i Fylkestinget. Byggenemnda hadde vedteke at ein skulle byggja ut heile den kraft ein kunne få i den søre elva. Ein skulle nytta elektrisitet til oppvarming av husa på asylet."

 

 

Og kraftverket gjorde nytta si i mange år. Vatnet kom frå Bjørkedalsdammen, røyrane var laga av fint samanføygde bord etter bøkkermåten og haldne saman av solide jarnband. Røyrgata gjekk i det fri i mest mogeleg bein linje mot kraftstasjonen i Sørevalen.

 

Men i femtiåra kom nye kraftstasjonen til, med mangedobla produksjon, svarte stålrøyr kom frå Svartatjødno (forsterka inntaksdam og Valedals-dammen.)

 

Gamle kraftstasjonen sto meir eller mindre overflødig til nedfalls. Men det er von om berging. Det vil me prøva å få til.

I hundre år har det vore arbeidd i valefjella med utbedringar, reparasjonar og nyskapingar i høve til demningar, røyrar og vatn.

Frå handamakt til maskinar har arbeidt for å gjera vatn til straum. No står tre stasjonar side om side. Berre den nyaste (2008) er i drift.

KET

 
  Interesserte kan kontakta:
                               Reidar Handeland, 5451 Valen
                               Telefon: 53 48 45 95 , Mob: 90 98 84 78  / 90 08 60 73
                               e-post: Reidar.Handeland@helse-fonna.no eller reidar.handeland@knett.no