Sjøbua vart etter det vi kan finna flytta og
oppsett her i 1903. Då asylet etablerte seg vart det
dampskipsekspedisjon (som for vestlandsbygder flest vart varene
frakta på bølga) og forretningsbygg. Her har vore fiskeri dei
siste åra. Kai og bu er no overdrege frå Hordaland Fylkeskommune
til bygda, og me har danna ei stifting basert på dette.
Me har lagt ned mykje arbeid dei siste åra.
Det er lagt nytt dekke på kaien, og i svært mykje av bua er det
bytta reisverk, og lagt ny bordkledning. Me ser alt at me får
nokre arrangement og gler oss over framdrift og framtid.
Under føl nokre bilete av kai og bu (du finn
ellers mange i bildesamlinga vår)
.JPG)




Mathilde og fylkesmusikarane har vore her med
framsyningar, og seier dei vil komma att. Her føl nokre bilete:




KET