KVA BETYR VALEN ?
Når ein skal tenka seg kva historiske navn betyr, er det
avgjerande korleis ein ser for seg lendet ser ut/har sett
ut, og tid i historia namnet er komme til.
Namnet er gammalt, høyrer til i gruppa blant dei eldste namn
i landet, anten det opphaveleg har vore Valen eller Valo.
Støtte for dette finn vi i endinga, som sannsynlegvis er
kortform, hankjønn eller hokjønn, av –ven/-vin (norsk
stadnamnleksikon: naturleg eng/grønt lende/grøderikt
område). Val myntar vel helst på det norrøne Vadill, som i
følge samme bok betyr ’grunn vik, stad som fell tørr i
sjøen, lågt eid’.
Likevel kan det vera vanskeleg når samme bok viser til at
forstavinga val- kan tolkast ulikt, her brukt både om falk,
varde, Ivar Aasen viste til at namnet betydde ’en lav eller
dyb flade på landet’, langstrekt jordrygg, voll, det namnet
i Norge som liknar mest er Valan, som er gitt tydinga
’liggestad for fartøy’.
’Vår’ form av namnet har sin like fleire stader i landet,
svært mange av dei er det på Vestlandet, for Hordaland sin
del; i Kvinnherad, i Sveio, på Sotra og i Lindås. I Sveio
veit eg (gjennom sidene om Fartein Valen) at garden også her
har heitt Valo, men skriven som Valen. Dette kan skuldast
dansketida, at dei første offentlege papir og
stadshenvisningar er skrivne av danskar eller embedsmenn som
skreiv på dansk, forvansking av namnet er kjent frå denne
tida (Walen, Wallen, Wahlen). Seieforma/daglegtalen hos oss
er framleis Valo (i Valo). Mange stader i landet har ending
–lo, og peikar på grøderikdomen, slett (åker)lende, som for
hovudstaden sin del.
Felles for dei lokale Valen-stadene er at dei ligg ved vatn,
er dyrka og odla, i le for ver og vind, har grunne vågar og
strand. Så ’dyrka strandstad med gode tilhøve for beskytta
båtligge’, kan vera ein essens. Dette er ikkje noko anna enn
mi tolking, og må ikkje takast som ’vitenskap’.
KET
Valen / Valo var ein
storgard, i alle høve i vestlandsmålestokk. Ein kan følgja
garden tilbake til adellsslekter og / eller kongar. At
garden aldri var innlemma i klostergods eller seinare
baroni, seier sitt om storleik, slektskaper og betydning.
I begynninga av 1800-talet finn vi ein Proprietær (proprius,
sjølveigande gardeigar) Undahl (Undall) her, han og
etter-kommarane skulle setta stort preg på Valegarden til
dei måtte forlata han i 1906 og i 1934 (sjå meir under
Reidar Handeland: historikk).
I 1906 kjøpte amtet (Fylket) Nordre Valen gard og bestemt at
her skulle byggast asyl. Av alle alternativa let det til at
Valegarden hadde dei beste mulighetene for gardsdrift, vatn,
elektrisitetsutbygging (tredje offentlege bygg i landet som
vart forsynt med elektrisitet, ennotil sjølvprodusert).
I 1934 vart Søre Valen gard ekspropriert (sjå høgre felt).
Ein trur dette tunet er den første garden her.
Åra etter hundreårsskiftet medførte store endringar for 'Valebuane'.
Dei fleste kom frå husmannsplasser, og kunne innløysa